7. september 2008

Eg surfar

Det er søndag, eg har tida føre meg, og det er mange timar til eg treng byrje på middagen eg har tenkt ut for å glede dagens gjest. Eg har ete min gode frukost, drukke min rolege kaffi, lese gamle utgåver av Klassekampen, Dag og Tid og endåtil Le Monde, kika på søndagsprogram på tv og surfa litt.

Og det var slik eg kom over bloggen til forfattaren Tarald Stein, Framandkar. Og der stod det jammen ein del ting eg sjølv også har tenkt på i det siste, og som eg antek må vere særs normale debutanttankar. Som når ein kan kalle seg forfattar og korleis ein opplever sin første forlagsfest. Tarald skriv også om salstal og omtaler, og korleis lyrikk generelt blir behandla i media. Med unntak av barne- og ungdomslitteratur og det meste av faglitteraturen, er vel lyrikken den sjangeren som kjem dårlegast ut når det gjeld omtalar og merksemd i media. Med heiderlege unntak, sjølvsagt, som Steins eiga diktsamling med same tittel som bloggen.

Dei som følgjer med på slikt, vil kanskje ha fått med seg at aftenposten.no har samla haustens forfattardebutantar og intervjua dei - iallfall nokre av dei - på nett-tv, og viss det er nokon som lurer på korfor eg ikkje er med, er det fordi eg ikkje har skrive for vaksne. Tre av intervjua er lagt ut på nett-tv no, for dei som er interesserte. Dei utvalde er fotballboka til tidlegare fotballspelar Arild Stavrum, den til dels sjølvopplevde utroskapsromanen til journalisten Svein Tore Bergestuen, og debutromanen til Tania Michelet, dottera til Jon. Eg håper det kjem intervju med dei andre debutantane, òg.

Elles er boka mi no å få tak i på Nasjonalbiblioteket og fagbiblioteka rundt om i landet, og ikkje berre det, men ho er endåtil utlånt to stadar, til mi store glede. I folkebiblioteka kjem ho vel også etterkvart, men det tek litt tid ettersom Kulturrådet først må avgjere om ho får vere med i innkjøpsordninga. Så langt er ho registrert, men ikkje klar til utlån.

2 kommentarer:

framandkar sa...

Takk for link og omtale! Og gratulerer så masse med boka!

Aina sa...

Sjølv takk!