3. september 2008

Byrkjelo

Det byrja berre med at eg stod på den gamle traktoren heime på Berflot og spreidde møk som vanleg. Eg stod bak på lasteplanet med ein spade og heiv møka ut på marka, det var god og sterk kalvedrit, og traktoren rusla fint nedetter bakkane i fyrste gir. Men trur du ikkje den gamle horva hoppa ut av gir, og der fór vi, nedover mot hovudvegen i ein forjævlig fart. Det er så bratt på Berflot, veit du, ein kan nesten stå på trappa og pisse ned på vegen. Eg skulle hatt vett til å hoppe av, men eg tenkte no eg skulle krype fram og få styring på krapylet. Men før eg visste ordet av det, trefte vi asfalten med ein smell, og heile helvetesskapen brotna i to på midten.

Alt var heilt svart. Men då eg fekk gnidd meg i auga og kunne sjå, var det brunt overalt.

Eg vart så godt gjødsla at eg har fått hår både på brystet og på ryggen, eg som alltid har vore glatt som ei barnerumpe.

Utdrag frå novella Byrkjelo, frå Bondeforteljingar av Øystein Vidnes, Samlaget 2002.

2 kommentarer:

Hilde sa...

Åh, eg elskar denne!
Byrkjelo!
Har vorte ein slager på mine kantar.
Give it to us, Øystein.

Aina Basso sa...

Hehe, ja, ho er fin.
Og kva med "Når mækregauken gjel", eller noko i den duren?
Den flirte eg godt av :)