27. august 2008

Når kan ein kalle seg forfattar?

I samband med eitt av intervjua eg har vore med på, stilte journalisten seg spørsmålet om når ein eigentleg kan kalle seg forfattar. Det byrja med at han sa noko slikt som at "no som du er i ferd med å bli forfattar... eller det er du kanskje allereie? Når kan ein eigentleg kalle seg forfattar?" Korpå han nemnde at han hadde høyrt ein stad at ein ikkje kunne kalle seg forfattar før ein hadde gitt ut minst tre bøker. I så fall finst det ikkje mange unge forfattarar i verda.

Andre har spurt meg om eg har tenkt å bli forfattar, no som eg har gitt ut ei bok. Det utsegnet viser også tydeleg at i manges auge er ein ikkje forfattar sånn med ein gong, automatisk, etter å ha gitt ut berre ei bok. Samtidig har forlaget konsekvent omtala meg som forfattar, sidan lenge før manuset ein gong var anteke.

Eg har ikkje noko skikkeleg svar. Dei andre forfattarane eg har snakka med så langt, har jo omtala meg som forfattar. "No som du er forfattar," seier dei kanskje. Sjølv synest eg det er ei problematisk nemning å bruke. Eg trur det tek tid før eg er komfortabel med å nytte omgrepet om meg sjølv. At eg treng litt tilvenning først. Slik ein gjer med alle store og nye omgrep. Som historikar, sambuar... eller forfattar.

6 kommentarer:

Lille søster sa...

Vanskelig. Jeg tenker på deg som forfatter, siden du har gitt ut en bok på et seriøst forlag. Noen sier at man må ha gitt ut to bøker for å kalle seg forfatter. Tre hørtes fryktelig strengt ut. Selv har jeg gitt ut to bøker, men synes fremdeles det er litt uvant å kalle meg selv forfatter. De som spør om du skal bli forfatter, mener kanskje om du skal fortsette å skrive og kanskje leve av det? Jeg vet ikke.

Aina Basso sa...

Ja, tre verkar litt strengt. Og nokre av dei verkeleg store forfattarane vi har hatt har jo gitt ut berre ei eller to bøker. Tenk t.d. på Emily Brontë. Ein klassisk einboksforfattar :)

Eigentleg er det ikkje noko det er viktig for meg å finne ut av, meir noko eg er nyfiken på kva andre meiner om.

Anonym sa...

Når man har forfattet en bok, så er man jo pr. def. forfatteren av den boka. Ergo er du forfatter.

Ferdig med det liksom. Så får du bare venne deg til tanken.
Ble det ikke myyyye enklere nå kanskje? He, he.

Aina Basso sa...

Jepp. Den satt! ;)

Unknown sa...

Spørsmålet setter jo igang omfattende assosiasjoner:
Hverken Kafka eller Pessoa omtalte seg noengang som forfattere. Hamsun så på seg selv som bonde, som tilfeldigvis skrev bøker.
Og det fins et utall lignende eksempler.
Det vi med sikkerhet kan konstatere, er at de navnene ikke er verdensberømte landbrukere eller forsikringsagenter!
(Min kommentar virket neppe oppklarende!)

Aina Basso sa...

Tja, det spørst kva ein er ute etter å oppklare. Eg lærte no noko nytt, iallfall!

Men når det er sagt synest eg det verkar som koketteri å ikkje kunne kalle seg som forfattar når ein utelukkande driv med det, og endåtil har vinn Nobelprisen i litteratur.