26. august 2008
Goldfrapp
Det er ikkje til å kome unna at det er Goldfrapp som sterkast har prega meg musikalsk på 2000-talet. Særleg den første plata, Felt Mountain, har gått som eit soundtrack til livet mitt gjennom fleire år. Og no har Goldfrapp kome med nok ei plate som går rett i hjarterota på meg. Plata Seventh Tree er eigna til å gjere meg lykkeleg, og særleg den nydelege førstelåta Clowns har surra rundt i hovudet på meg dei siste dagane, ein følgjesven gjennom dagane.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Mannen roser også henne opp i skyene, men jeg har ikke helt fått sansen for Gullfrapperen. Jeg kjenner jeg har litt lyst å like dem, men så vil musikken ikke helt sitte hos meg.
Nei, men sånn er det. Alle kan ikkje like det same!
Legg inn en kommentar