7. august 2008

Boka er komen

Eg har henta boka.

Korleis skal eg skildre kjensla?
Stor.

Ei ordentleg bok.
Lukta av lim, nyskore papir, trykksverte.
Matt omslagspapir, dusare fargar enn venta.
Overraskande tjukk.
Fin.

Eg veit ikkje kor i hylla eg skal plassere ho.

I kveld skal eg lese, drikke vin, vere heile åleine om dette enorme.

7 kommentarer:

Tehme Melck sa...

Den skal ikke i hylla på lenge, lenge! Gratulerer!

cox sa...

Gratulerer så mye!
Har aldri gitt ut bok, men har jo innlevelsesevne nok til å skjønne at dette er stort.
Ble det endelige "produktet" som forventet?

Aina sa...

Takk, begge to!
Det kjennest stort, framleis uverkeleg. Kanskje vil det aldri bli heilt verkeleg? Berre hoppe over verkeleg-stadiet og bli normalt?

Produktet er som venta. Eit vakkert produkt. Stian Hole sitt omslag gjer boka interessant å sjå på. No drikk eg raud vin og les min eigen tekst i bokform. Det passar. Teksten min passar inn i boka. Det er ei god kjensle.

Flopsy sa...

Gratulerer så mykje!

*noterer boka opp på leselista si*

Aina sa...

Takk! :)

Tove sa...

Må bare slutte meg til gratulantane: Gratulerer!

Aina sa...

Takk, takk!