30. juli 2008

Skugga-Baldur. Et folkeeventyr

Vinnaren av Nordisk Råds Litteraturpris i 2005, romanen Skugga-Baldur - Et folkeeventyr, av islandske Sjón, blei i går diskutert av ein noko amputert lesesirkel.

Skugga-Baldur, eller Baldur Skuggason, er ein prest på Island på 1880-talet, og sentralt i boka står den noko mystiske revejakta han legg ut på 9.-17. mars 1883. Revejakta, som tilsynelatande har lite med den eigentlege historia i boka å gjere, får mykje plass, og er skriven i ein knapp og spennande poetisk prosa, som står i kontrast til den andre og "eigentlege" historia om Abba med Downs syndrom, om det islandske samfunnet på slutten av 1800-talet og naturvitskapsmannen Friđrik, som er skriven i ei meir tradisjonell forteljarform.

Friđrik finn Abba etter eit skipsforlis femten år før bokas notid. Ho har vore gravid, og er blitt tatt i å forsøke å gravlegge barneliket på kyrkjegarden. Ho er pur ung, og det blir antatt at dei mannlege skipspasassjerane har gjort som dei ville med henne. Friđrik kjenner medynk, han tek henne til seg, og gir henne namnet Hafdís.

Då den brutale Skugga-Baldur tek over som prest i bygda fleire år seinare, får ikkje Abba lov til å kome i kyrkja lenger. Grunnen til dette skal vise seg å vere meir kompleks enn først antatt. I det heile viser historia seg å vere langt meir kompleks enn ved første augesyn, både innhaldsmessig, formmessig og på tolkingsplanet. For kva betyr det eigentleg? Kva vil Sjón seie? Og korfor har romanen fått tilleggstittelen Et folkeeventyr?

Dei tre kvinnelege medlemmane som møtte var relativt einige om boka: Ein fin, spennande, godt skriven, interessant roman, imponerande formmessig, og ei bok som med utbytte kan lesast fleire gongar. Den mannlege frammøtte var noko meir lunken. Han skjønte ikkje noko av boka, syntest dei formmessige grepa tidvis var mest irriterande, og såg rett og slett ikkje heilt poenget.
For min del var det kun to ting som forvirra meg: Korfor skiftar Sjón mellom presens og preteritum i nær sagt annankvar setning i beretninga om revejakta, og korfor blir reven omtalt som "myrrød" og ein raudrev i den norske omsetjinga, medan det på engelsk og svensk heiter høvesvis The Blue Fox og blåreven?

Eg vil definitivt tilråde denne boka. Les henne sakte. Les henne gjerne fleire gongar. Les henne.

2 kommentarer:

Tove sa...

Med denne omtalen fekk du definitivt meg til å ville lese boka. Kan hende kan eg føreslå henne til min lesesirkel?

Aina Basso sa...

Det var kjekt å høyre! Eg synest det var ei god lesesirkelbok. Ikkje lang (berre omlag 120 sider), store mulegheiter for tolking - og ulike tolkingar - sannsynlegvis ei som ikkje fell like godt i smak hos alle og dermed fører til interessant diskusjon, lettlesen, og samtidig kompleks og innhaldsrik.

Lat meg få høyre kva det blir til!