7. juli 2008

Om ei øy

Eg forstår godt at arbeidstittelen til denne boka var Puslespel, for det er eit puslespel av historier, folk og lagnader som utgjer boka, - og øya, når sant skal seiast.

Eg har så godt som lese ut OFFA - forteljingar frå ei øy av sambygding Ronnie M.A.G. Larsen, som altså er ei novellesamling om øya vi kjem frå, Giske, og folka som kjem derifrå, giskingane. Tekstane spenner frå det komiske og rørande til det absurde og gruvsame. Vi møter barn, unge, vaksne og eldre giskingar, vi møter dei i ulike meir eller mindre skilsetjande situasjonar i si eiga og øyas historie, og til saman fortel desse novellene kanskje noko essensielt om kva giskingar er, kva øya vår er og korleis livet for giskingar kan vere, og korleis livet kan vere for den ukjende hopen av folk flest. Forlaget skriv om boka at ho nettopp fordi ho er så strengt lokal også blir veldig universell. Og det er det nok noko i.

For meg som kjenner landskapet, folket, vanane og uvanane, historia, skikkane, slenguttrykka, og kjenner den tida store delar av boka er skriven frå, nemleg åtti- og nittitalet, er det svært morosam lesing. Men eg trur forlaget har rett når dei meiner denne boka har ein breiare appell enn berre øybuarar på Nordvestlandet. Eg trur folk frå andre delar av landet vil kunne kjenne seg igjen i bygdementaliteten, i smått og stort som kan oppta eit menneske og eit samfunn, og i tillegg byr boka på nok av humoristiske innslag. Og det kan også vere interessant, trur eg, for til dømes, ja... la oss ta ein skikkeleg byaustlending, - å lese litt om korleis livet kan arte seg på den ytterste nøgne ø. For ho er på ein måte det, Giske. Yttarst i havgapet, forblåst, med eit yrande liv både på overflata og under henne. For ikkje å gløyme uendeleg vakker.
Ein knall grøn flekk i eit sitrande blått hav.

Og for dei som er interesserte og er i området laurdag 26. juli, så er det muleg å kome ut på denne fine, forblåste øya og høyre både meg og Ronnie M.A.G. Larsen lese frå debutbøkene våre. Vi får også besøk av den langt meir erfarne ålesundsforfattaren og -lyrikaren Marit Kaldhol, i tillegg til at det blir eit spennande konsertprogram med artistar frå både inn- og utland. Høgdepunktet, så klart, våre eigne The Margarets, men av andre artistar kan Maria Mena, Robert Post, Real Ones og mine spesielle favorittar Heartfelt og DinoSau også nemnast.

Alle foto tatt av meg av og på Giske.

4 kommentarer:

Sesselja sa...

*sukk* Nå blir jeg ENDA mer sunnmørssjuk. Har nettopp sett fine sunnmørsbilder på bloggen til Marian Godø, og nå disse. Tror det er på tide jeg snart vender nesa hjem til sunnmøre selv.

Aina sa...

Men du fekk ikkje lyst til å lese boka, altså? ;)

Ja, det er nydeleg der. Sunnmøre er generelt veldig fotogent.

Sesselja sa...

Nja, jeg har bare sånn passe lyst å lese den, og mest bare fordi det er en giskeværing som har skrevet den. Men skal jeg først lese ei bok basert på geografinostalgi i forhold til forfatterens oppvekststed, så venter jeg heller på boka di. ;-)

Aina sa...

Hehe, takk for det :)

Men det er ei veldig lesbar bok, altså. Men det er sjølvsagt mi, også ;)