Eg trur vi kan dele lesarar inn i to grupper: Dei som les utelukkande for underhaldinga sin del, og dei som ikkje gjer det.
Sjølv tilhøyrer eg sistnemnte gruppe. Eg går ikkje av vegen for å lese underhaldande litteratur, tvert imot ser eg absolutt verdien av god og underhaldande bøker, men eg les ikkje berre for å bli underhaldt. Og eg trur det er få av oss bokbloggarar som gjer det, vi les av andre grunnar. Men kva er desse grunnane, eigentleg?
Hjartesukk som "der er så mykje der ute eg skulle ha lese, men eg har ikkje nok tid!", får meg til å lure. Les vi berre for å lære? Kva anna grunn kan der vere, om vi kokar det ned til minste bestanddel? Vi les ikkje utelukkande for å underhaldast, men vi erkjenner at underhaldingselementet er viktig, er ei drivkraft for at resten av innhaldet i det litterære skal gli nokolunde friksjonsfritt ned. Men kva er dette andre, og kva vil vi med det? Kva er drifta etter litterauren tufta på?
Vi kan svare at vi les for å orientere oss, at vi les for litteraturens eigen del. Vi kan svare at vi les for å erkjenne oss sjølve som menneske og andre menneske som andre menneske, eller verda slik verda er, eller har vore, eller kan bli, eller nokon påstår at ho er, har vore eller skal bli. Vi kan svare at vi les fordi vi er nyfikne på litteraturen, på det skrivne, på dei som har sett orda på papiret. Men seier vi ikkje eigentleg då at vi les for å lære?
Eller prøver du å påstå at du les for å oppleve? Og kva er forskjellen mellom å oppleve og å late seg underhalde?
22. juli 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Jeg leser som jeg lytter til musikk. For å ha et lydspor eller tankespor til livet mitt.
Interessante refleksjoner som jeg kjenner meg igjen i. På en måte leser jeg jo for å bli underholdt, men jeg finner aldri underholdning i ren underholdningslitteratur, men derimot i litteratur som får meg til å reflektere...
Ja takk, begge deler. Jeg vil gjerne bli underholdt når jeg leser. Men jeg vil også noe mer. Jeg vil at det jeg leser skal åpne øynene mine for nye synsvinkler. Det bidrar til at jeg forstår meg selv og andre bedre.
Så prøver jeg å fokusere på måten ting fortelles. Her prøver jeg å skjerpe meg.
Fine kommentarer både fra Bharfot og Spectatia. Ikke vanskelig å være enig. Jeg synes god krim er herlig å lese, selv om en del bloggere nok regner det som rein underholdning. Men jeg kan finne flotte person og miljøskildringer i krim også. Men det går en grense ett sted for lett litteratur og blir det for lett blir lesinga intet annet enn slitsom og bortkastet.
Eg trur ikkje eg hadde orka å lese skjønnlitteratur som fullstendig manglar underhaldingselementet, men eg støttar KariE i utsagnet om at altfor lett litteratur faktisk blir direkte slitsam, for ikkje å snakke om enerverande, å lese.
Intelligent må underhaldinga vere.
Legg inn en kommentar