21. juli 2008

Gatelangs med Solstad

Tom Gundersen: Dag Solstad
lånt frå www.kunstnerforbundet.no
16.07.41 er mangslungen.

Det er ein sjølvbiografi med fiksjonelle element
Det er ei beretning om byen Berlin, både slik han er i dag (romanens "i dag", nemleg tidsrommet 1990-2001) og slik han har vore til ulike historiske tider
Det er ein guida tur gjennom Berlins gater, slik dei ter seg for Dag Solstad, og byen slik han bruker han
Det er den første romanen* der Solstad bruker seg sjølv som hovudperson, etter å ha blitt anklaga for å ha gjort nettopp det i omtrent alle romanar han nokon sinne har skrive
Det er den første romanen der Solstad nyttar fotnotar, ein idé han skal drage til det yttarste i boka som kjem nokre år seinare, og som utelukkande skal bestå av fotnotar; Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman: Fotnotar om dei fiksjonelle karakterane i boka, fotnotar om forfattaren og fotnotar om skrivinga av det ein kanskje kan kalle ein roman, eller i beste fall ein fotnoteroman

*Merknad 19.11.2008: Det er den andre romanen. Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige er den første.

Ingen kommentarer: