19. juli 2008

Eg øver meg

Om ei veke skal eg for første gong lese frå boka mi. Dette skal skje på Sommerfesten på heimstaden min Giske, og eg held i desse dagar på og øve meg.

For eit par kveldar sidan tok eg mot til meg og las nokre aktuelle scener for foreldra mine, som fram til den dagen aldri hadde høyrt eller lese noko som helst frå romanen. Utruleg nok var seansen merkeleg nervepirrande. Eg kjende pulsen stige, og nervøsiteten gjorde stemma mindre kontrollert og innlevinga generelt mindre. Det hjelpte vel heller ikkje at dette skjedde seint på kveld, at mor mi sat og beit i eit eple, medan far min sat og geispa i godstolen.

Etterpå ville eg ha respons frå dei. Far min syntest det var bra, at det var velformulert. Mor mi sa at ho naturleg nok ikkje hadde fått med seg samanhangen heilt, kven alle karakterane eigentleg var, men meinte eg godt kunne lese kva som helst av alle tekstane eg las for dei.
Eg har øvd meg litt i Oslo, òg. Lese høgt for meg sjølv på senga, i sofaen, noko lågare på balkongen. Eg har teke tida.

Eg valde først ut tre scener eg meinte ville høve. Det er scena som på folkemunne går under namnet "Kniven", alternativt "Kniven ligg på bordet", scena der Ingeborg står og lurer på Mikkel frå bak ein lun fjøsvegg - "Det eine auget ser på han", og den romantiske scena der Mikkel plukkar høystrå ut av håret hennar, og ein storspove lettar, og som det skal vere utdrag frå bak på boka.
Desse tre scenene tok meg nøyaktig fem minutt å lese i roleg tempo. Det blir jo for lite.
Eg vurderer difor å byrje seansen med å sitere lovteksten frå kong Christian den femtes Norske Lov av 1687, som opnar boka, samt opningsscena der vi for første gong møter Ingeborg og Mikkel.

Det er ikkje lett å velje. Det kjennest uhorveleg viktig at eg les akkurat dei rette scenene. Sjølv om det heilt sikkert ikkje er det.

3 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Lykke til!

Anonym sa...

Gosj! Nervepirrende og ikke så lite hudløst vil jeg tro?

Jeg er av den typen som mer enn gjerne går på slike opplesningsseanser med forfattere, men jeg vil gjerne ikke få lest opp for meg så alt for mye av boka på forhånd. Bare akkurat nok til at jeg føler at jeg får lyst til å lese den.

Idèen din om å trekke inn andre ting som har inspirert deg til å skrive boka og som har relevans til innholdet synes jeg høres veldig spennende ut. Da får den potensielle leseren litt mer "kjøtt på beina" rundt boka og det gjør alltid noe for meg.

Når forfatterene også våger å være personlige, fortelle litt om skriveprosessen, hvordan de fikk idéen osv. så synes jeg det er vel så interessant som at forfatteren leser selv. Men der har du meg. Jeg vil jo gjerne lese selv jeg da. ;-)

All mulig lykke til! Det blir sikkert superstas!

Aina Basso sa...

Takk!
Det er ein skrekkblanda fryd, men like fullt ein fryd!

Kjenner meg på sett og vis heldig som får ha den første opplesinga her ute, sjølv om det også sikkert er det skumlaste publikumet å lese for.

Eg må begrense meg til ti minutt snakking og lesing, ettersom det er eit mildt sagt tettpakka program her ute frå opningskonserten kl. 12 til den siste 00.35. Eg har difor skrive ned nokre linjer som fortel litt om boka, før eg kastar meg ut i lesinga og les fire utvalde scener.