20. september 2007

Vampyrane

Eg har alltid likt vampyrar.

Vampyrar er skumle, mystiske, spennande og romantiske. Det byrja då eg var lita, med barneboka Den vesle vampyren, om ein liten vampyrgut som heller ville drikke mjølk enn blod, og som blei hemmelege vennar med nokre menneskebarn. Veldig spennande.

Seinare avanserte eg til Dracula. Filmen Bram Stokers Dracula tok eg opp på video og såg heilt til bandet vart utslite. Og så oppdaga eg Anne Rice.

Det må ha vore på vidaregåande ein gong. Eg hadde sett filmatiseringa av den første boka hennar, En vampyrs bekjennelser, med Brad Pitt og Tom Cruise i rollene som Louis og Lestat, og med ei pur ung Kirsten Dunst som barnevampyren Claudia, men likte den ikkje noko særleg. For mykje blod. Ein ting er å lese om blod, ein annan er å sjå det. Men eg likte bøkene.

Aller best likte eg Vampyren Lestat. I løpet av nokre år las eg både den og En vampyr bekjennelser, eg las De fordømtes dronning, Pandora, Armand, Merrick... og eg elska det. Anne Rice har ei evne til å blande spennande historiske fakta med handlingsfortetta fiksjon, som gjer bøkene både interessante og underhaldande å lese. Vampyren Lestat stammar frå fransk borgliv, og første del av historia hans foregår der. Altså før han blir vampyr. Louis er frå ein plantasje i New Orleans på 1700-talet. Pandora er frå Athen, Marius er keltar og dei som starta det heile, dronninga og hennar farao, er sjølvsagt frå Egypt.

Eg veit ikkje om bøkene ville fenga meg like mykje om eg hadde lese dei for første gong no. Kanskje er det eigentleg ein slags Margit Sandemo berre med vampyrar. Men slik det no ein gong er, har eg fått sansen for bøkene til Anne Rice, og ikkje minst alle mysteria som blir avdekka undervegs i bøkene. Eg har framleis mange ulesne bøker i serien, dei står alle på den mentale leselista.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Har du lest John Ajvide Lindqvists "La den rette komme inn" da? Om vampyrer i Sverige.

Aina sa...

Nei. Anbefalar du?

Anonym sa...

Jeg likte den. Men vanligvis driver jeg ikke med vampyrlektyre, så det kan jo hende at den kanskje ikke er i din gate, siden du har mer vampyrerfaring enn det jeg har. Men altså, mange med meg har digget denne vampyrboka. Kanskje på tross av at den handler om vampyrer snarere enn fordi den handler om vampyrer. Ergo vet jeg jo ikke helt om den er noe for deg. ;-)

Aina sa...

Det er den sikkert. Eg likar også bøker på trass av at dei handlar om vampyrar. Anne Rice-bøkene hadde ikkje vore gode om dei berre hadde vore vampyrbøker og ikkje historiske romanar i tillegg. Og med det sagt: Har du lese Historikeren? Er ikkje det ein kombo av historisk roman og vampyrroman?