14. august 2007

Reiseskildring frå Noreg i 1864

Eg har hive meg på eit prøveabonnement for Klassekampen, og i dag naut eg å lese den første avisa på bussen (gårsdagens, altså).
Ein av artiklane eg vart mest fascinert over, var eit utdrag frå ei reiseskildring der eit polsk-ungarsk reisefølgje har sitt første møte med ei norsk stavkyrkje:

"Knappe hundre skritt fra den sølete veien, ved bredden av et mørkt vann, der øde, uformelige fjell reiser seg mot den dystre himmelen på den andre siden og like ved noen falleferdige bygninger med utsultede, gjespende hunder på et uinngjerdet tun, ligger dette eldgamle, vidunderlige byggverket."

Skildringa er ført i pennen av Lilla Bulyovszky, berømt skodespelar, forfattar og oversettar, og er overraskande lettlese og interessant. Eg har bestilt boka på biblioteket, og gler meg til å lese meir. Det er noko med den romantiske skrivemåten som fengar meg, spesielt ettersom den omhandlar verkelege hendingar og stadar i mitt eige heimland for 150 år sidan.

Lilla Bulyovszky: Reiseminner fra Norge 1864 (2000)

Ingen kommentarer: