27. august 2007

Leve forfattaren

Ei ung forfattarinne
Strong Poison er lett å bli hekta på. Boka kom ut i 1930, og det er som vanleg den galante og humoristiske amatørdetektiven Lord Peter Wimsey som er helten. I denne romanen, som er den femte i rekka, fell Lorden endeleg for ei kvinne. Dette er imidlartid ikkje ei kva som helst slags kvinne: Harriet Vane er tiltalt for giftmord, og det er opp til Lord Peter å bevise at ho er uskuldig.

Ettersom eg nyleg las ein kort biografi om forfattaren Dorothy L. Sayers, kunne eg ikkje unngå å trekke parallellar mellom henne og den kvinnelege protagonisten, då det er tydeleg at Sayers har fått ut si eiga historie og sin eigen aggresjon gjennom Harriet Vane:

Kriminalforfattaren Harriet Vane er tiltalt for å ha tatt livet av sin tidlegare sambuar, forfattaren Phillip Boyes. Nøkkelorda her er sambuar og mellomkrigstid. Denne Boyes, som blir framstilt som litt av ein drittsekk, har fått Harriet til å leve med han "intimately" utan å vere gift, fordi han påstår at han ikkje trur på ekteskapet. Etter ei stund går han til det steg å tilby henne giftarmål, etter å ha sett henne tilstrekkeleg på prøve. Dette nektar ho sjølvsagt, blir lyn forbanna på idioten, og gjer slutt på forholdet. Uheldigvis for henne døyr han så av arsenikkforgifting.

Dorothy L. Sayers´ tidlegare sambuar, forfattaren John Cournos, døydde absolutt ikkje av arsenikkforgifting, men bortsett frå det er historiene svært like. Både Sayers og Vane er religiøse, og det slit på dei å leve med ein mann utanfor ekteskapet, men dei gjer det likevel, kjærleiken er for sterk. Etter kvart gjorde imidlartid Dorothy L. Sayers det slutt med sin sambuar, innleidde eit seksuelt forhold til ein annan mann, blei gravid med han, adopterte bort barnet, for så å oppdage at mannen som ikkje trudde på ekteskapet trudde likevel, og hadde gifta seg med ei anna kvinne. Nok til å gjere ein til mannehatar, spør du meg. Heldigvis fann Sayers seinare kjærleiken med ein annan mann, forfattaren og journalisten Arthur "Mac" Fleming, tok til seg det bortadopterte barnet igjen og "levde lykkeleg alle sine dagar" - får ein jo håpe.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Er ikke så sikker på om Sayers levde lykkelig alle sine dager med Mac. Hun var instilt på at det var et fornuftsekteskap og senere da han bl a ble depresiv, bodde de adskilt. Og sønnen hennes ble aldri offisielt det, selv om han nok etterhvert skjønte hvem "tante" Dorothy egentliv var.

Det å skrive om Lord Peter var nok å beskrive en drømmemann. Og den forståelsen som Lord Peter viser Harriet, tror jeg ikke hun fikk fra noen av sine menn.

Aina Basso sa...

Hm. Det var jo synd. På den andre sida; ho hadde jo alltids Lord Peter...