Etter lesinga av Løvekvinnen, og medan eg ventar på Francis Meyers lidenskap, kjennest der som eit tomrom. Dette til trass for at eg har ei flunkande nyinnkjøpt Thursday Next-bok ståande i bokhylla. Men som eg også har nemnt tidlegare, trur eg på lesing etter lystmetoden, og akkurat no (og dei siste dagane, endåtil den siste veka) har eg hatt lyst til å lese Strong Poison - den neste boka ut om Dorothy L. Sayers´ kriminalhelt Lord Peter Wimsey. Og som tenkt og lysta, så gjort: Boka er herved reservert på mitt næraste bibliotek, og kan hentast i ettermiddag. Eg gler meg.
Den litterære oppdatering blir dermed som følgjer:
Til avhenting:
Strong Poison av D. L. Sayers
På nattbordet:
Restauranten der universet slutter av D. Adams
Reiseminner fra Norge 1864 av Lilla Bulyovszky
I veska:
Morgon og kveld av Jon Fosse
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Du har mye mer strukturerte leseplaner en meg. Det er neste kun innfallsmetoden som gjelder. Dermed ble jeg nå veldig inspirert til å lese Strong Poison igjen, men vi får se om lysten fortsatt er der når jeg kommer hjem etter helgeutflukten og leg har kost meg med Thursday Next.
Og en kommentar dirkete til Strong Poison: Lord Peter historiene blir enda bedre når Harriet Vane kommer inn i bilde, og jeg er veldig begeistret for plottet i Strong Poison. Komplisert uten å bli for søkt.
Eg gler meg veldig til å lese boka, til eit gjensyn med Lord Peter - og til å endeleg få bli kjent med denne Harriet Vane, som eg har høyrt så mykje om. Eg likar Sayers stadig betre. Framleis ligg Agatha Christie mitt hjarte nærast, men Sayers halar innpå, og eg merkar kor forfriskande det er å lese krim frå det same miljøet som Christie skriv om, men med splitter nye og ukjende plott.
Hvordan gikk det forresten med Patricia Wentworth boka? Vet jo at hun ikke helt er en gullalderdronning, men...
Har eg ikkje sagt det? Eg trur eg klassifiserte henne som ein mellomting mellom Nancy Drew og Miss Marple. Likte den eigentleg godt, kjem til å lese fleire, men er ikkje like hekta som med dei verkelege dronningane.
Legg inn en kommentar