22. juni 2007

Marie Antoinette

I går fekk eg endeleg sett Sofia Coppolas film om den franske dronninga Marie Antoinette, som blei giljotinert under den franske revolusjonen i 1793.

Den verkelege Marie Antoinette var fødd i Austerrike i 1755, som erkehertuginne Maria Antonia Josefa Johanna, ellevte dotter av keisar Frans I og keisarinne Maria Theresa. Som femtenåring vart ho gifta bort til den franske tronarvingen, dauphin Louis XVI, som ho etter sju år endeleg fekk arvingar med. Marie Antoinette levde eit liv i luksus og skal ha vore svært lite politisk interessert. Ho braut med etablert hoff-etikette, og skapte såleis misnøye også i dei indre sirklane ved Versailles. Den franske regjeringa hadde pådratt seg ei gedigen gjeld, noko som gjekk utover det franske folket, som vart pålagt harde skattar og som eit resultat av svolt og misnøye med styresettet gjorde revolt. Kongefamilien vart tatt til fange, og kong Ludvig XVI vart avretta først, deretter l'autrichienne Marie Antoinette. Ho blei 37 år gammal.

Og så var det filmen.
Estetisk sett er det ein vakker film, ein fryd for auget, med nydelege bilete, kostymer, kulisser og landskap. Eg har ingen problem med at Sofia Coppola har lagt på punk og anna moderne musikk, i staden for den tradisjonelle wienervalsen eller barokkmusikken, og eg har heller ingen problem med dei tydelege referansane til vår tid; fargane, stilen, alt er liksom blitt bearbeidd for å passe i vårt syn på kva som er vakkert, spennande, sexy, luksuriøst, attråverdig... kanskje for å gjere Marie Antoinette si historie meir allmenngyldig, tidlaus, meir forståeleg og relaterbar i vår tid.

Problemet er at det ikkje er Marie Antoinette si historie som blir presentert i denne filmen. Filmen er som eit digert sukkertøy. Søtt og pastellfarga, men keisamt når du får for mykje av den. Det er ingen dramatikk i filmen. Alle konflikter er tona ned, der er ingen kjensler, ingen temperatur, berre ein stadig flyt av skjønnheit og scener frå eit luksuriøst latmannsliv.

Eg kunne tenke meg å sjå ein skikkeleg film om denne kvinna. Ein skikkeleg, spennande, interessant historisk film om kontrasten mellom livet på hoffet og livet utanfor, mellom Marie Antoinette og den franske revolusjonen. Eit balansert bilete. Ofte synest det å bli anten eller.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg tror det filme får frem ved å være en estetisk nytelse og ikke en politisk film, nettopp gjør den til et politisk bilde av Marie Antoinette. Ved å la vær å fortelle noe om det som foregår utenfor Versailles får vihistorien fra MAs synsvinkel. Slik jeg forstår det, prøver Sofia Coppola å vise at MA ikke var dum, bare at hun var så skjermet fra verdan at hun ikke visste hva som foregikk. For oss som vet hvordan franskmenn generelt hadde det, er det vanskelig å fatte at hun kun var interesert i kostymer, klær og mat. Men hun hadde kanskje ikke mulighet til å mota informasjon om andre emner.

Jeg synes filmen får frem at den franske kongen og dronningen ikke ville sine undersåtter vondt, de fikk bare helt villedene råd om hvordan de skulle styre landet.

Coppola har også før vist at man kan vise problemer på film nettopp ved dets fravær. Kunskap om det ekle kommer frem i det estetiske.

Aina Basso sa...

Interessant! Jau, eg kan definitivt sjå den. Dersom det er Coppola sin intensjon, lukkast ho på god veg. Livet til Marie Antoinette på Versailles verkar bekymringslaust (iallfall tilnærma), glatt, flytande, alt er tillatt, alle innfall kan følgjast. Sikkert noko einkvar kunne latt seg henfalle til dersom ein hadde mulegheita... iallfall for ei tid, og spesielt med bakgrunnen som dotter av keisaren og keisarinna av det Tysk-romerske riket.

Anonym sa...

Jeg vet ikke om det er denne intesjonen Coppola har, men det var den tolkningen som gjorde mening for meg. OG da likte jeg plutselig filmen.

Aina Basso sa...

Det forstår eg!

Anonym sa...

Eg e veldig enige med Aina. Eg savna sammenhengane, eg hadde så store forventingar og så blei filmen bare kjedelig. Viss det va Coppola sitt mål å vise kor kjedelig og flatt det var å vere kvinne i Versaille på den tida så lyktes ho. Fekk ingen innlevelse, ingen empati eller sympati. Ho kunne gjort så mykje meir, Coppola altså. Eg sammenlikne den stadig med Der untergang, som fekk nyansert så masse- Denne filmen bare bekrefta fordommane. Det synst nå eg!