18. mai 2007

"Prosessen" fullført

Det kan stundom ha noko føre seg å ikkje få sove, særleg når ein har fri dagen etter.

Takka vere mitt lettskipla søvnmønster, som i går førte til at eg ikkje fekk sove før langt på natt etter at eg hadde henfalt til soving på sofaen etter ymse nasjonaldagsaktivitetar, fekk eg i natt altså endeleg lese ut Prosessen av Franz Kafka, denne boka eg har hatt på nattbordet i omlag eit års tid. Eit kort resymé følgjer:

Josef K. vaknar ein morgon av at to menn er komne for å arrestere han. Med dette innleiiast ein for både Josef K. og lesaren totalt uforståeleg prosess, der han sjølv verken veit kva tiltalen mot han er, eller korleis han skal klare å kome seg heilskinna ut av den. Etter omlag tohundre sider har Josef K. snirkla seg gjennom ulike instansar, rettsmøter, advokatar, rådgjevarar, personar med tilknyting til denne mystiske retten, alle med det resultat at han berre blir stadig meir forvirra, paranoid, ustabil, men utan å føre han noko nærare målet (frigjevinga). Retten, dommarane, sjølve lovverket er gøymt, uforståeleg, løyndomsfullt, mystisk. Boka ender ulykkeleg nok med at Josef K. atter blir henta, for så å verte knivstukke til døde på ein bortgøymt plass.

Og dette er altså Prosessen av Franz Kafka, i kortversjon "etter Aina". Dersom du ikkje har ei sterk interesse for overvåkingssamfunnet, paranoia, ei sterk motvilje mot Staten eller likar bøker som snirklar seg avgarde gjennom eksistensielle problem og noko som kan hende er samfunnskritikk, med ei handling du aldri finn ut av, sjølv om du lid deg gjennom tohundre sider av det same oppigjen og oppigjen, ser eg ingen grunn til at du skal lese boka. Syns du derimot dei ovannemnte temaene er interessante, kosar deg med bøker om unge menn og deira eksistensielle kamp, er oppteken av det surreelle, samt er tolmodig av natur, er boka definitivt noko for deg. Det mest nærliggande å spørre seg etter å ha lese denne boka er: Var det verdt det? Var Kafka genial, eller er Prosessen inkje meir enn eit manus som var vagt og uferdig (Kafka sjølv ville jo ikkje gi det ut, det vart utgjeve posthumt)? Er dette ein viktig samfunnskritisk roman eller eit portrett av eit menneske sterkt nedbrote av paranoid schizofrene, psykologiske prosessar? I Kafkas ande, skal eg sjølvsagt ikkje gi nokre svar på nokre av desse spørsmåla.

Eg fekk også lese ut To the Lighthouse i natt, samt studert den litt (fotnotar, gjenlesingar av delar av teksten, m.m.), og denne boka kan eg trygt og noko pompøst erklære at er ei bok som har endra så mangt i mitt sinn. Woolf hadde ei ekstraordinær evne til persepsjon, til å skildre desse små tinga rundt oss på ein slik måte at du ser dei medan du les, at orda dannar skarpe bilete på netthinna.

No har eg opning for nye bøker, og eg trur valet er falt på følgjande:

I veska:
Sult av Knut Hamsun

På nattbordet:
The Fingerprint (A Miss Silver Mystery) av Patricia Wentworth (krim av den gode, gamle, lettlesne sorten - eg forkastar Ngaio Marsh)
Korset under Skuggefjellet av Marta Schumann (ein historisk roman frå Sunnmøre)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg er ikke enig i at Prosessen bare bør leses av folk som allerede er paraniode eller frykter Staten eller er interessert i menn med eksistenisiell angst. Prosessen har påvirket mye senere litteratur og film. Den er dermed en viktig del av vår felles kultur-ramme. Imidlertid vil jeg kanskje oppfordre skeptikere til å bare lese noen utdrag. Ettersom Kafka ikke ferdigstilte boka, er den jo egentlig bare en samling fragmenter og de kan på sett og vis leses individuelt.

Jeg nærmer meg slutten på To the lighthouse og jeg har nok ikke helt samme følelsen av at den har endret mitt liv. Jeg synes fortsatt den er flott og poetisk, men jeg tror nok at jeg ville argumentere for den - på samme måte som for Prosessen - ved å si at den er en viktig del av vår litterære arv. Det vil ikke være ærlig å si at jeg nøt hele boka. For meg var det mer driv i handlingene ved å gå gjennom prosessen enn å dra til fyret. Kanskje bøkene kan sammelignes? Det er ganske sterke eksistensielle følelser i To the lighthouse også.

Aina Basso sa...

Gode poeng, Kristine.

Eg reknar ikkje med at mitt syn på Kafka på nokon måte representerar eit "allment" syn, men for meg ga ikkje "Prosessen" særleg uttelling. Boka er godt skriven, lettlesen, om ein skal diskutere språk og form, men temaet interesserar meg ikkje - sjølv om eg for all del skal vere einig i at den nok har hatt stor påverknad på seinare litteratur.

Likevel sit eg igjen med denne kjensla: Er Kafka ein forfattar som har vorte genierklært fordi han var vag, mystisk og surrealistisk, eller fordi han faktisk _var_ genial? Dette spørsmålet har eg ikkje lukkast i finne noko svar på.