15. mai 2007

Inspirasjonen Virginia Woolf

Eg er no i ferd med å byrje på siste del av To the Lighthouse, og ser fram til å diskutere boka i lesesirkelen V.I.P. (Vennar av Iain Pears), - på Fyret, sjølvsagt.

Så langt har lesinga vore konsentrasjonskrevjande, men inspirerande. Woolf nyttar unike, eigne metodar for å skildre ein stad, menneska der, forholda dei imellom, måten dei tenker og føler; den flyktige måten vi oppfattar verda på, det stundom umedvitne, uforklarlege forholdet vi har til oss sjølve, våre eigne kjensler, endåtil våre eine opplevingar. Ho skildrar verda utan oss, korleis ting, stader, hus blir verande, blir tatt over av andre krefter; vinden, den fuktige havlufta, små dyr og insekt, plantar; korleis det endrar seg, uavhengig av om der er ein krig, av våre intensjonar.

Ein kan ikkje lese To the Lighthouse berre ein gong, for så å legge den bort og gløyme den.
Dette er ei bok som må lesast fleire gongar, kanskje rett etter kvarandre, kanskje med lang tids mellomrom, dersom ein skal klare å gripe alt i den, eller berre noko av det.

Det er ei bok som er tung, fordi den er gjennomarbeidd, gjennomsyra av forfattaren sine tankar og intensjonar, den er ikkje forenkla; det er ei bok som er lett, fordi den er nydeleg, forståeleg, gjenkjenneleg.

Og eg føler, veldig sterkt, at den er viktig; at den kan endre liv.
Kanskje mitt.

2 kommentarer:

Thomas sa...

Det skal mye til for å få meg til å vile lese en bok, men du klarte det. Meget, meget bra inspirert.

Aina Basso sa...

Oj! Interessant :) Og så flott! Dette er eit meisterverk som set spor i sinnet.