11. april 2007

T. Singer

På bussen om morgonen les eg Dag Solstad.

I ei sannsynlegvis avgjerande scene tidleg i boka, reiser hovudpersonen med toget til Notodden for å starte eit nytt liv. Solstad skildrar togreisa svært omhyggeleg. Han nøyer seg ikkje med lettvint å skildre utsikta, strandlinja og grantrea som susar forbi, eller dei svusjande lydane frå skinnene. Han skildrar interiøret, menyen i spisevogna, kelnarane, rutinene. Handlinga foregår ikkje i 1999, då boka vart utgitt, men i 1971, som så mange andre av Solstad sine bøker, og dette blir svært eksplisitt i skildringa av togreisa. Oppvartande kelnerar i ei spisevogn på toget? Røykekupé? Kaffi servert i sølvkanner?

Det er slike skildrande scener som gjer at eg les Solstad.
Dei sug meg inn i ei seint sekstitals- og tidleg syttitalsverd som kanskje mest av alt eksisterar i Dag Solstad sitt hovud. Men eg trur på den. Og eg skulle ønske eg kunne oppleve den.

Eg får ein tanke om å skildre, like omhyggeleg, ei togreise i 2007.
Men ein gjer ikkje slikt i samtidslitteratur, sjølv om ein for dei potensielle ettertidas lesarar kanskje burde gjere nettopp det.
Ein skildrar først omhyggelege detaljar når romanen blir historisk, når ei scene nettopp har som formål å suge lesaren inn i ei anna tid, eit anna rom.
Det er først når handlinga skjedde i ei anna tid enn den forfattaren reint fysisk befinn seg i, at ein får behov for å fokusere på dei gløymte, men kontrasterande, detaljane.

Ingen kommentarer: