19. januar 2007

Om å sette bussbein

I traveltida er det som oftast stappfullt på bussen og ein må stå i midtgangen medan bussjåføren køyrer som eit svin frå lyskryss til lyskryss.
Den einaste måten å overleve turen på, er då å sørge for noko å halde seg fast i og å plante føtene solid i golvet, med litt avstand og lik vekt på begge fotsolar.

Før i tida ville ein kalt dette å sette sjøbein, men sidan det ikkje er like vanleg å måtte utføre denne beinplantinga til havs som til lands i desse dagar, foreslår eg at vi innfører eit nytt ord for denne handlinga, nemleg å sette bussbein.

8 kommentarer:

Aina Basso sa...

Eg har herved føreslått det nye ordet, samt oversetjinga "traveltid" i staden for "rushtid" til Språkrådet.

Språknerd, eg?

Unknown sa...

Godt tiltak! Å sette bussbein er noe vi alle kjenner til, men aldri har fått satt ord på.

Apropos ord og begreper: Jeg leste en liten sak av Ragnar Hovland i dag, du har kanskje lest det selv i siste nummer av Dag og Tid. Han kommenterer neger-debatten. Som han sier: I Norge er ordene "svenske" og "tysker" mer belastet enn ordet "neger", så han foreslår å innføre ordene "øst-skandinav" og "midt-europeer".

Aina Basso sa...

Interessant. Men eg er ikkje einig med Ragnar Hovland merkar eg. Uansett kor fin Donald-klokke han har (berre ein måte å brife om at eg faktisk har møtt Ragnar Hovland :)

Aina Basso sa...

Viste seg at e-postadressa "sprakrad@sprakrad.no" ikkje ville ta imot e-posten frå meg, så enn så lenge er "å sette bussbein" og "traveltid" særainaske ord ein kun finn hos den ekslusive lesargruppa til flimre.

Aina Basso sa...

nokon andre som finn e-postadressa "sprakrad@sprakrad.no" morosam?

viss ikkje: høyr for deg at t.d. harald eia uttalar det på ein av sine særeigne tullemåtar.

Aina Basso sa...

det er visst gått inflasjon i at eg kommenterar mine eigne innlegg.

ta hintet, folkens! EG VIL HA INNSPEL!

Kerope sa...

Jeg syns ikke det er negativt at du kommenterer egne innspill. Det viser bare en utvikling, progresjon, for du både utdyper, og endrer såvidt oppfatning iblant- får i hvert fall nyansert saken. Jeg opplever det spennende.

Ellers akter jeg å oppta "bussbein" og "traveltid" i mitt vokabular. Det er jo heller ikke Sylfest &co som bestemmer hvilke ord vi kan bruke, men de setter regler for skriftlig bruk litt etter bruken av dem. Derfor vil jeg være med på å prøve å få det naturlig inn i språket vårt.

Kerope sa...

retting av ord i mitt innspill til innspill om egne innlegg: (i første setning) innspill --> innlegg