16. oktober 2006

Sirkus Garbarek













I'm particles in the air
You can't see me
But I'm here

Konserten med Anja Garbarek på Rockefeller søndag var ei stor oppleving.
Som ihuga og fleireårig Anja-fan var det stort å sjå henne live, forførande og diabolsk på scena. Høgdepunktet var midtsekvensen frå "Balloon Mood", der spesielt "Strange Noises" og "Beyond My Control" fekk meg i stemning. Andre høgdepunkt var favorittane "Stay tuned" og "I Won´t Hurt You" frå "Smiling & Waving", samt morosame "Big Mouth".

På kjendisfronten var der også treff, med unntak av hovudpersonen sjølv, og noko overraskande var det Christer Falck som fylte kjendiskvoten for kvelden. Elles var Rockefeller berre halvfullt, men det publikumet som var der var entusiastisk til stades, noko Anja Garbarek sjølv også bemerka.

4 kommentarer:

Kerope sa...

Ei virkelig spennende og dyktig dame, det der.

Aina Basso sa...

Takk.
Eller meinte du kanskje Anja?

Kerope sa...

Ja, Anja også.

Aina Basso sa...

*rødme*

Takk...