20. januar 2006

det snør, det snør, tiddelibom

...og vår vakre hovudstad er kasta ut i totalt og trafikalt kaos.

Det kunne nesten ikkje vore verre om det hadde vore femti minus.
Det kunne nesten ikkje vore verre om Oslo plutseleg hadde blitt strålt opp til månen.
Det kunne nesten ikkje vore verre om vi hadde blitt invadert av menn frå Mars og kvinner frå Venus.
Det kunne nesten ikkje vore verre om vi hadde blitt angrepe av Osama og resten av laden.

Og medan Oslos snøkledde gater vert spunne opp av bilhjul; medan tusenvis av menneske står og ventar på bussar som snirklar seg gjennom byen; medan det er straumbrot på linja mellom Nathionaltheatret og Majorstua, så t-banene må køyre skyttel mellom stasjonane; medan eg og tusen andre frys på seg naglebit på tærne, og plutseleg hugsar korleis det var å vere barn igjen, dalar snøen stille ned over byen, i store, kvite flak.

Og sett utanfrå er det jo berre vakkert.

2 kommentarer:

Anonym sa...

fantastisk flott skrevet!
det er kos å lese dine lyriske bokstaver, og denne gangen var det enda en liten dose av det lille ekstra.
takk!

Aina Basso sa...

hehe, takk for det :)
morosamt med ros...!