21. juli 2005

slør

Då ho stod opp den morgonen var rommet som fylt av tynn, blåleg røyk.
Brenn det?,
undra ho,
og snuste ut i lufta.

Nei,
det brenn visst ikkje,
kom ho fram til. Det luktar ingenting.

Ho klatra ut av senga, og trefte golvplankane med to klask.

Klask?,
undra ho, og kika nedover seg sjølv, heilt til blikket møtte golvet under henne.

Plankane var som dekt av eit tynt slør som dreiv fram og tilbake, i lange, gyngande rørsler, mellom beina på den blå pinnestolen, snodde seg rundt føtene på den brune kommoden, snirkla seg innunder senga, og la seg nesten til oppe på golvteppet.
Men på golvplankane hadde sløret lagt frå seg eit tynt lag væske, nesten som vatn, berre litt mørkare i farge.

Oversvømming?,
undra ho,
og løfta føtene opp og ned av det våte golvet.

Nei,
ikkje akkurat det heller,
kom ho fram til.

Det er nok den store vagheita,
tenkte ho,
som er tilbake.

Ho sukka.
No kom ho ikkje til å forstå noko som helst på lenge.

Ingen kommentarer: