2. september 2015

Barcelona, Budapest, Berlin

Åleine på tur er greitt i nokre dagar, men så byrjar eg å kjede meg. Slik også no, i Berlin. Der alt finst. Heldigvis finst også gode bøker.

I kveld les eg Rønnaug Kleivas Armenia, Albania, Argentina, om Rønnaug som reiser åleine til usentrale stader i verda og kjem i kontakt med ymse folk, gode, dårlege, kvinner og menn, mest menn. Og eg tenker at Rønnaug i boka er svært uredd, ho hiv seg ut i det, hiv seg med, våger å stole på folk, og stikk av dei gongene dei ikkje er til å stole på. Ho er modig og sjølvstendig.

Langt meir sjølvstendig enn eg, som kan kvi meg for å setje meg på ein ukjend kafé i ein ukjend by åleine. Sjølv om eg er svolten, sjølv om eg er tørst, sjølv om eg har bok. Korfor? Det handlar vel om å hive seg ut i det. Ulikt Rønnaug i boka har eg ikkje lyst til å kome i prat med ukjende folk, kjenner eg meg ikkje uredd og modig, hiv eg meg ikkje med på ting. Men det er fint å lese om andre som gjer det, medan eg sjølv sit i ei hyggeleg leilegheit i eit trygt bustadområde i Berlin, litt kjedeleg og veldig stilt, ein stad ein kan sove godt og vakne til kyrkjeklokker om morgonen.
Og snart kjem det forsterkningar.

3 kommentarer:

aariho sa...

Fint å være på tur i desse spennande byane, men skjønar at det kan bli kjedeleg åleine. Enig i at bøker kan hjelpe på! God tur vidare!

Elin Bekkebråten Sjølie sa...

Jeg er introvert og ELSKER å reise alene. Har tilbragt mange dager alene i byer som London, Dublin, New York, Reykjavik... Har aldri kjedet meg et sekund.

Aina Basso sa...

Takk på etterskot, aariho! Bøker hjelper, og filmar. Eg burde nok øve litt meir på å vere åleine, slik, det er jo kjekt å kunne kose seg skikkeleg med det, slik du gjer, Elin.