Illustrasjon frå Krigen, Kaia Dahle Nyhus |
Sist hadde eg berre lese Brune, men sidan den tid har eg også fått lese den andre nominerte boka, Krigen, og ikkje klart å gløyme henne, særleg på grunn av dei utruleg sterke illustrasjonane til Kaia Dahle Nyhus, som liksom riv meg sundt frå innsida. Danske Information skriv om dei nominerte bøkene i ein artikkel du kan lese HER. Og eg er spent på kven som vinn denne gongen og håper sjølvsagt det blir «oss».
Oppdatering: Og som vi no alle veit, etter at vinnaren blei oppropt, så blei det nettopp «vi» som vann i år, nærare bestemt Håkon Øvreås og Øyvind Torseter med den fine boka Brune. Gratulerer til vinnarane!
2 kommentarer:
Jeg har også lest de to norske nominerte. Brune leste jeg for 7 femåringer i barnehagen, og de elsket den. Løp rundt å lekte superhelter i flere dager etterpå. Krigen vet jeg ikke helt om jeg hadde turt å lese for noen, syntes den var veldig sterk. Håper på norsk sier, men jeg likte et av de svenske bidragene godt, Ett sekund om gangen, så må det bli en utlending så håper jeg på den.
Likte forresten Finne ly veldig godt :)
Eg har dessverre ikkje fått lese nokon av dei andre nordiske bøkene enno, men er sikker på det er mange sterke kandidatar jamt over.
Og så må eg takke deg for veldig fin omtale av Finne ly! Det er herleg med slik respons.
Legg inn en kommentar