Den 14. oktober kl. 18 er det min tur til å sitje i ein sofa på Riksarkivet og snakke om det eg driv med.
Saman med forfattaren og forskaren Bergsveinn Birgisson - som m.a. har skrive den fine romanen Svar på brev frå Helga, som eg kosa meg med i sommar, og sakprosaboka Den svarte vikingen, i tillegg til fleire diktsamlingar - og historikaren Marlen Ferrer, skal eg snakke om det å skrive historiske bøker i grenselandet mellom fantasi og røyndom. Kva kan ein forfattar tillate seg for å gjere historia spennande nok?
I samband med det komande arrangementet, har Riksarkivet fått tillating til å republisere artikkelen eg skreiv til Arkivmagasinet i 2011, Frå fakta til fiksjon: Om å skrive historiske romanar.
Tre år og to historiske romanar seinare har eg naturleg nok gjort meg endå nokre refleksjonar om å operere i grenselandet mellom fantasi og røyndom, og også kome til nye erkjenningar både som forfattar og som historikar som skriv skjønnlitteratur - for det er på mange vis to ulike roller. Eg ser fram til å få høvet til å snakke om desse tinga på Riksarkivet om ei veke, og håper det blir ein spennande samtale, både for oss i sofaen og for dei som kjem for å høyre på.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Dette høres ut til å bli et bra program! Ser fram til å følge med. Dine bøker er flotte, har nettopp lest Finne ly! (Omtale på bloggen min denne uka)Og Bregsvein Birgissons Svar på brev frå Helga var nydelig! Interessant tema!
Takk for det, og takk for fin omtale av 'Finne ly' på bloggen din!
Legg inn en kommentar