24. august 2013

Å nekte

Utelampa lyste og kasta skinnet sitt hvitt helt bort til grøfta de sto ved, men ellers var det kornete grått i lufta, pepperaktig, kunne en si, det var ikke lyst, det var ikke morgen på langt nær.

Eg liker Per Petterson. Liker å lese han, liker språket og tonen i språket, og eg liker folka han skriv om og miljøet han skriv frå, eller miljøa.

Sitatet ovanfor er henta frå den så langt siste boka hans, Jeg nekter, som eg på ei sterk innskyting, med ei forventningsfull kribling i magen, brått måtte lese, og som eg har likt veldig godt å lese. Ei bok som aller mest handlar om den fine fyren Tommy og den skakkøyrte familien hans, men også om bestekameraten Jim som ikkje er mindre skakkøyrt, men ein fin fyr, han også. Vi møter også nokre av dei andre bipersonane, og boka vekslar mellom ulike stemmer, nokre får stor plass, nokre liten plass, og eg hadde aldri våga å gjere det slik sjølv, men det funkar jo her, sjølv om det ikkje er stilistisk heilt reint eller perfekt i balanse. Men slik skriv ikkje Per Petterson.

Sitatet merka eg meg på grunn av eitt ord, som eg sjølv har leitt etter i mange år, nemleg «pepperaktig» - slik det er om natta, når natta ikkje er heilt svart lenger, men mørkret kornar seg, det er som ein ser svarte og kvite partiklar om kvarandre, og det blir nettopp peparaktig, slik Petterson skriv.

Eg kan tilrå denne boka. Det var ei god leseoppleving, eg ville berre lese, til alle tider, på alle stader, eg gledde meg til neste økt, og plutseleg var eg ferdig. No etterpå tenker eg: kven er det som nektar, eigentleg? Og kva nektar dei? Og eg tenker at det er jo mange som nektar, å akseptere ting slik dei er. Det er ikkje alltid det hjelper, men ein kan prøve. Og av og til hjelper det.

2 kommentarer:

Arnfinn K sa...

Du har fått deg ei fin heimeside, Aina. Og fint at du skriv om andre sine bøker òg. Mange skriv berre om seg sjølv. Eg, meg og mitt.

Aina Basso sa...

Takk for det, Arnfinn! Det var jo lenge ein ganske rein bokblogg, så sjølv om eg ikkje skriv like ofte som før, vil eg gjerne halde på dette med å skrive litt om bøker eg liker.