30. oktober 2012

Dei morosame kvinnene


Selma Lønning Aarø: veldig morosam dame.
 NRK bokbloggen har ein konkurranse gåande, der dei ber lesarane kome med sine beste kandidatar til artigaste bok. Og som alltid, der slikt pågår, er det flest menn som blir nominerte. NRK spør difor: Skriv menn meir morosamt enn kvinner?

Eg er sjølvsagt grunnleggande ueinig i at menn skal vere meir morosame enn kvinner, eg ler aldri så godt som av ei skikkeleg morosam dame. Eg har allereie nominert Selma Lønning Aarø og hennar bok En rekke avbrutte forsøk som ei av dei artigaste bøkene eg nokon gong har lese, men vil gjerne lansere eit knippe andre morosame kvinner her, også. Alle desse skriv veldig morosamt, når dei vil:

Agnes Ravatn
Marit Eikemo
Olaug Nilssen
Gunnhild Øyehaug
Brit Bildøen
Kjersti Rorgemoen
Kjersti Annesdatter Skomsvold
Kristine Tofte
Elen Betanzo
Christine Koht
Linda Eide
Vigdis Hjorth
Guri og Sigrid Sørumgård Botheim
Jane Austen

Har du fleire tips? Gi dei gjerne til NRK bokbloggen, også.

4 kommentarer:

Karen sa...

Artig at den lista der nærmest er totalt sammenfallende med mine favorittforfattere.. :) Uansett; helt enig! Min favoritt må nok være Agnes Ravatn. Det er rett og slett ei dame som skriver så tørrvittig og selvironisk at jeg fniser sammenhengende gjennom hele teksten.

Aina Basso sa...

Ja, ikkje sant. Noko anna som er morosamt er at 10 av 15 på denne lista skriv på nynorsk. Tilfeldig?

Anonym sa...

Takk for lista, gode tips :-) Men: Kristine Tofte skriv gysleg bra, men ho prøver seg vel sjeldan på humor?

Aina Basso sa...

Det kjem an på sjangeren! Kristine Tofte skriv veldig morosamt i andre sjangrar enn romanform. Så får vi sjå kva ho gjer vidare.