17. september 2012

Bak gitteret

Som reiselektyre til Budapest hadde eg med den så langt siste boka til Vigdis Hjorth, 30 dager i Sandefjord, som kom ut i 2011. Boka handlar om dramatikaren Tordis som må sone ein dom for fyllekøyring i Sandefjord fengsel, og det er ikkje nokon løyndom at romanen har sterkt sjølvbiografiske trekk.

Eg har tidlegare hatt glede av fleire av romanane til Vigdis Hjorth og det hadde eg denne gongen også. 30 dager i Sandefjord gir dei av oss som ikkje har sete inne (enno) eit særs interessant innblikk i livet bak murane. Her møter vi dei andre fangane, som forfattaren har endra namna til av omsyn til personvernet; kvinner i alle aldrar, inne for forskjellige, stort sett mindre brotsverk, dei fleste knytt til anten rus, helst narkotika, eller «noko med NAV».

Det var vanskeleg å legge ned denne boka og vanskeleg for reisekameraten min å halde fingrane av fatet. Det enda med at eg på turen heim, av medkjensle, måtte late han låne romanen ei stakka stund, medan eg sjølv pløyde gjennom dei gamle avisene eg ikkje hadde rukke gjennom på turen og kika misunneleg bort på han som fekk lese.

Eg har høyrt Hjorth snakke om og lese frå romanen, og særleg vittige er desse «vinhønene» dei innsette må lage på systova; som tevarmarar, berre for innmaten til ein vinkartong, du løftar på stjerten og ut kjem vinen. Og det er mykje vittig i boka, men også mykje sårt og alvorleg. Det er både eit portrett av klassesamfunnet Noreg, av dramatikaren Tordis som kjenner seg sett tilbake til barneskulen igjen i måten ho må tilpasse seg «dei andre» på, for å overleve, samt eit lærerikt bilete av ein del av samfunnet mange av oss kjenner lite til: straffeinstitusjonane.

Les den, eg angra ikkje.

Ingen kommentarer: