15. mai 2012

Når dei lærde strid

Eg har hamna oppi noko som kan likne ein historikardebatt med den siste romanen min, Inn i elden, som handlar om trolldomsprosessane i Finnmark på 1600-talet. Medan den eine eksperten meiner det var slik, meiner den andre at det var sånn. Kven har rett? Kan nokon avgjere det heilt sikkert?

Ettersom Inn i elden er ein roman, og ikkje ei fagbok om temaet, er det naturleg nok ein del som ikkje stemmer med den historiske røynda. Eg har endra både personar og namn, eg har teke meg fridomar med omsyn til kjeldene, eg har blanda inn førestellingar om trolldom frå nokre tiår seinare, som vi ikkje har belegg for å seie at også fanst hos folk så tidleg som i 1620, og i eit tilfelle har eg skrive noko eg veit er feil, berre fordi det passa med historia mi.

Romanen er altså ikkje utan historiske faktafeil. Slik må det vere, ein historisk roman kan og skal vise andre sider ved historia enn det sakprosaen kan. Romanen kan gå inn i kjensler og stemningar, kan iscenesetje og dikte vidare på dei ofte sparsame faktaopplysningane som finst, kan gestalte personane, både dei «gode» og dei «vonde», både verkelege og oppdikta.

Privilegiet til romanforfattaren er å ikkje berre kunne - men også skulle - dikte, anten dikte heilt fritt, eller dikte rundt noko som faktisk har hendt. Lesaren må vite dette: ikkje alt som står i ein historisk roman er 100 % sant. Slik er det med allslags romanar. Også dei som hevdar å vere sanne.

Eg har likevel lyst til å vere historisk korrekt i den grad det er muleg. Eg gjer mykje research til romanane mine og eg har byrja ty til ekspertar på emna eg skriv om og bruke dei som fagkonsulentar. Eg vil vere viss på at dei brota eg gjer med det historiske er medvite. Eg vil vite kva eg har skrive som er feil, eg vil velje det sjølv, ikkje slumpe til å gjere noko eg ikkje er klar over.

Men så er det slik med historie, som i all anna vitskap, at det finst ulike ekspertar på det same temaet, og at dei kan vere ueinige om kva som er rett og kva som er feil. Historiske kjelder frå 1600-talet er få og sparsame, det finst store lakunar i materialet, og det finst mykje rom for tolking.
Kan vi nokon gong vite akkurat kva som hende i fortida?

HER kan du høyre den eine eksperten, førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø, Rune Blix Hagen, vere med og diskutere Inn i elden på radio. Han meiner det finst mange feil i romanen, men har han rett i alt? Eg har fått ei liste frå han i ettertid, og på den står det mange ting som fagkonsulenten min, førsteamanuensis ved same universitet, Liv Helene Willumsen, er ueinig i. Slik er vitskapen.

2 kommentarer:

torbjørn hauken sa...

Det må sjølvsagt vere lov å sjå stort på mangt og mykje i ein roman, ellers er det vel knapt vits i å skrive i den sjangeren. Men om vesentlege tilhøve blir snudd opp-ned,vert det annleis. Vi kan jo berre såvidt tenke oss kva oppkok vi ville fått frå han dusten i den rettsaka du veit, om han fann på å skrive ein historisk roman. Mange som skriv slike romaner synest å meine at alle detaljar skal vere rette, men er det ikkje mykje viktigare å få fram kva som var dei fremste kjenneteikna på samfunnet som vert skildra og korleis dei takla utfordringane i tid og stad?

Aina Basso sa...

Det aller viktigaste er kanskje å gripe mentaliteten i tida, korleis folk tenkte og kva som låg bak handlingane deira, skape eit levande bilete av både ei tid og menneske som levde i den.

Viktigare det, enn om skosolen var laga av sånt eller slikt materiale. Når det er sagt, er det jo ikkje nokon grunn til å ikkje skrive det som er rett, viss ein klarer å finne det ut.