19. mars 2012

Plystre på nordlyset

Eg har aldri vore i Finnmark om vinteren før. Berre i august, når vindane er mjuke og blæs bort myggen på myra, der vi går og svuppar frå tue til tue i dei grøne støvlane våre, på leit etter saftige kystmolter. «Cloudberry» heiter det på engelsk. Synast som eit betre namn, det: Vi plukkar skybær på Ullhovudmyra.

Men no er det vinter i nord, det er vinter i sør, og ein dag i slutten av februar tek eg flyet frå eine enden av landet vårt til andre. Eg skal lansere den nye boka mi, «Inn i elden», som handlar om trolldomsprosessane i Vardø på 1600-talet.

Vi søringar tenker ofte ikkje på korleis det lange landet vårt krummar seg mot aust på toppen, vi tenker på det som ligg der oppe som «nord», og for dei fleste er det fjernt og ukjent. Men det ligg langt mot aust dit eg skal. Så langt aust at det skulle hatt same tidssone som Russland, eg merkar det om morgonen når eg vaknar: sola skin og klokka er berre halv sju.

Frå Oslo går flyet til Tromsø, før Widerøe tek meg vidare til Vadsø med si vesle kvite og lysegrøne maskin. Det durar høgt. Eg ser ingenting, skyene er tette, eg les litt, eg sovnar. Ein time seinare går vi inn for landing. Det er blitt kveld og mellom lysradene er rullebana glatt. Vi kryp ut av kabinen og hutlar oss inn, vinden er kald, snøen driv over vegane som røyk.

Det er annleis her om vinteren. Eg har frykta kulda, men er heldig og kjem til -7, eg er van med det, unnateke vinden. Eg klarer meg med kleda mine, dreg hua godt nedover øyra når eg går frå den vidaregåande skulen, der eg har snakka om den nye boka mi, og tek vegen forbi bestemor sitt hus. Det står her enno, men er ikkje som det var. Det er nokon andre som eig det no. Dei har endra på dører og vindauge. Eg går likevel forbi kvar gong eg er her, stansar litt og ser. Her budde bestemor, tenker eg. Det kviler ein varme kring det.

Dei fleste har på mindre klede enn meg. Dei går frå dei varme husa sine til dei varme bilane til dei varme kontora. Det er berre eg som kler meg som ein amatør. Ein uerfaren søring i Finnmarksvinter for første gong. Slike vintrar var far min van med dei første tjue åra av livet sitt. Dei neste femti har han vent seg til dei milde, vestlandske. Eg trur han hadde frose hadde han vore her no. Han er blitt meir og meir sunnmøring med åra, likevel er det her han kjem frå, vinden og viddene.

I butikken vil dei vil vite kven far min er. Eg seier namnet og dei nikkar nølande. Det er lenge sidan han fór, dama bak disken var så vidt fødd då. Men broren kjenner ho. Og søskenbarna mine. Også i Kirkenes, under Finnmark internasjonale litteraturfestival, får eg merke at eg høyrer til her oppe. Er det du som er ho skallelvværingen, spør folk, og eg nikkar og seier: Eg er frå rett over fjorden. Eller far min, då, legg eg til. Dei seier dei skal lese boka mi. Eg kjenner meg heime.

Aller mest har eg håpa på nordlys på turen hit, men dagane går og himmelen er sløra. Så, den aller siste kvelden, kjem det. På veg inn i ein restaurant som ligg så nær Russland at vi ser grenseposten, byrjar det stråle grønt over himmelen. Strålen deler seg i to, før han krummar seg, spaknar og sterknar igjen.

Eg plystrar berre inni meg. Det er farleg å plystre på nordlyset.

Spalte i Nationen 17. mars 2012.

2 kommentarer:

Ine sa...

Det er fint å lese om tilhørighet.

Elin sa...

Blei heilt varm i hjartet av å lese innlegget ditt. Og savna Finnmark litt. Men berre litt.