29. mars 2012

Lanseringsfest, signering og påskeferie

Basso & Betanzo ønskjer velkomen.
Dagen derpå må eg seie meg ufatteleg nøgd med livets første boklanseringsfest, som var i går kveld på eit stappfullt Last Train i Oslo. God stemning, sprudel i glasa og flotte gjestar, nokre som las og nokre som heldt konsert.

Tusen takk til alle som bidrog; Martina Gaux, Alf Kjetil Walgermo, Heartfelt med Brede Rørstad og Johan Husvik, og dei fine redaktørane våre, Cecilie Feyer og Erle Stokke. Takk til alle som kom og gjorde kvelden vår strålande! Og ein ekstra stor takk til fine Elen Betanzo, som var ein draum å arrangere fest saman med. Kanskje det blir fleire kveldar med Sirkus Basso & Betanzo i framtida?

No er det straks påskeferie på Sunnmøre og som vanleg sit eg og pønskar på kva bøker eg skal lese denne gongen. Ein påskekrim må eg alltid ha. I år blir det Iain Pears' The Last Judgement, med den klossete kunsthistorikaren Jonathan Argyll i hovudrolla. Men eg må jo ha ei bok til. Skal eg ta med Beate Grimsruds En dåre fri, som eg er godt i gang med, eller skal eg velje ei anna? Eg har fleire på lista, mellom andre Per Pettersons Jeg forbanner tidens elv og Utfor av Sunniva Relling Berg. Eg får bestemme meg i morgon.

Før ferien set inn for fullt skal eg ha ei aldri så lita boksignering på Norli på Moa. Så for dei som er i Ålesundstraktene laurdag 31. mars og vil ha ein alternativ påskekrim/ eit alternativ til påskekrim med personleg dedikasjon, er det berre å kome, eg er der frå kl. 13.

2 kommentarer:

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Uff, jeg glemte dessverre hele boklanseringen din i en travel hverdag. Ønsker deg knallfine påskedager, Aina!

Aina Basso sa...

Då kan du angre deg, for det var ein fantastisk fest! God påske til deg også, måtte det gro vakre blomstrar i hagen din!