22. februar 2012

My Bonnie Lies Over The Ocean

Då foreldra mine var nygifte viste kalenderen midten av sekstitalet og kåra for sjømenn var ganske annleis enn i dag. Framleis var det mange norske sjøfolk som sigla både i innanriks- og utanriksfart, og i utanriksfarten var turnusane langstrekte, destinasjonane eksotiske og kommunikasjonane elendige. Medan ein i dag kan ta seg ein prat heim over satellittelefon ein einsam kveld på dei sju hav, var det ikkje like god kontakt å få for førti år sidan.

Var det ein gutunge der heime som brekte beinet same dagen som den andre gutungen blei biten i andletet av ein hund, var det ikkje anna for ei stakkars mor å gjere enn å sende eit hjartesukk med frimerke på, øst utover flortynt papir og lagt i konvolutt merka «Par Avion». Brevet nådde den brunbarka mottakaren ein månad seinare ein stad i den persiske golfen.

«No må du kome heim!» stod det kanskje i brevet, med skjelvande skrift. «Eg klarer ikkje meir!» Men då han ringde heim, var alt gløymt og det var berre å gå ombord att og halde fram til neste hamn.

I yttarste naud kunne ein telegrafere eller ringe over Rogaland radio. «Du høyrer ikkje han, men han høyrer deg,» kunne radiooperatøren bryte inn og seie. Og der sat dei, på kvar sin ende av ein tråd, på kvar sin ende av ein klode og eit hav. Og han kunne høyre stemma hennar, men ikkje ho hans. Han kunne ikkje trøyste eller spørje, men måtte berre ta imot, sjå ut av gluggen og sjå hav, endelaust hav, og vite at han ikkje kom seg heim no, han måtte berre bli der han var, medan båten sigla si langsame ferd over verdshava, og han høyrte den fortvila stemma hennar skrape over sambandet, før forbindelsen brått blei broten og han berre kunne vente og håpe det gjekk bra der heime, for han kunne ikkje gjere ein einaste ting før dei nådde neste hamn.

Det kjekkaste med å ha ein far i utanriksfart var når han kom heim, og det verste var at han alltid måtte fare igjen. Vi stulla og gledde oss i dagevis før han kom. Først kom telefonen frå kontoret, ei kvitrande kvinnestemme som annonserte at «no kan du byrje på julebaksten, no får du han heim til jul!». Men nøyaktig dag og time var ikkje godt å seie, og mang ein gong kom han akkurat for seint til viktige hendingar. Som konfirmasjonar eller barnedåpar. Eller julaftan.

Eg hugsar kor godt han lukta når han klemte meg på flyplassen. Vi stod der og trippa, eg klistra den vesle nasen min til glaset. Ein etter ein kom ut av flyet, men aldri kom pappa først. Alltid måtte eg vente og vente, før eg endeleg såg han og kjende eit støyt av glede i bringa.

Han hadde alltid noko spennande i kofferten. Først fekk eg lyseblå flykoffert frå Braathens S.A.F.E., med smurfedrops og sjokoladar. Så, etter eit godt måltid, ei gåve. Eit smykkeskrin med speledåse frå Karibia, gulløyredobbar frå Afrika eller ei barbiedokke frå Skottland.

Så var det å venje seg til at no var pappa heime, no var det ikkje berre mamma som bestemte lenger. Heilt til han etter nokre månader pakka kofferten, og det berre var oss igjen. Og ventinga byrja på att, medan pappa sigla over dei sju hav, i brennande sol, i øsande regn, over dønningar høge som åsar.

Men så kom han heim, og til slutt kom han for godt. Og no vil han helst ikkje reise nokon stad.


Spalte i Nationen, laurdag 18. februar 2012.

2 kommentarer:

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Lange avstander i tid og rom, den gang, det er sikkert og visst. Fint å lese dine opplevelser, Aina!

Aina Basso sa...

Takk for det!