Eg har eit manus inne hos forlaget. Eg prøver å få det ferdig slik at det kan kome ut til vinteren/ våren, så no står ei dryg vekes intenst manusarbeid for dør, før eg leverer neste versjon.
Første steg, etter å ha fått konsulentfråsegna og hatt første møte med den nye redaktøren, er å kopiere den eine eg-stemma i manuset inn i eit nytt dokument. Dette har eg planar om å skrive ut, gå laus på med rosa markør og deretter bruke kniven på. Målet er å gjere den eine eg-stemma mest muleg ulik den andre eg-stemma.
Eg er spent på korleis arbeidet vil vere. Det er mange yndlingar som skal vekk, her må eg gå fram med hard hand og kutte i ein tekst som er nokså gjennomarbeidd språkleg og flyt godt. Det er hardt. Men alt for boka, eller kva?
28. september 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
Høres bra ut med dei to stemmene! Er det ungdomsbok?
Så bra! Ja, det blir nok for ungdom. Morosamt!
Gleder meg til ny bok! :)
Takk for det, Elin! Gler meg igrunnen sjølv, også.
Alt for boka. Eg trur det blir bra!
Alt for boka! Det er rette haldninga.
Legg inn en kommentar