7. august 2011

Tilbake til Skallelv

Eg har kome tilbake til den nær avfolka bygda ved Ishavet der far min voks opp. I går deltok eg på 20-årsjubileet til bygdelaget i Skallelv der eg las ein tekst eg skreiv for eit år sidan, etter at eg hadde vore i Skallelv for første gong på femten år.

Det blei mange våte auge under opplesinga og flott for meg å oppdage at det eg hadde skrive trefte så mange skallelvværingar midt i hjartet; at det eg føler for denne bygda er det same som dei også føler, som både har vakse opp her og vore her mykje, mykje meir enn meg. I år var eg så heldig at eg fekk overnatte i eit hus i bygda, med vakker utsikt over elva og sandneset på andre sida, over hav og hus; ei turkis rand i den blågrå sjøen som glitra, lakseender som sumte oppetter elva, terner i raske formasjonar over himmelen og bølgjer som braut mot mjuk, kvit sand.

Her kjem innlegget på ny, «til glede for nye lesarar».

EI BYGD VED ISHAVET



I august reiste eg nordover saman med familien min, til staden far min vart fødd og voks opp, ei lita bygd ved Ishavet, Skallelv.

Bygda ligg så fint langs elva og havet, ferskvatn møter sjøvatn, sanden er kvit, sauene kvite, husa nymåla og elva blank. I sol speglar saunaene seg i elvevatnet, vaier sibirvalmuene i graset, sit måsungane så stilt på hustaka.

Ovanfor bygda strekker vidda seg ut. Den grønbrune vidda, med moltemyrer og blåbærlyng, med krøkebær og myrull. På åsranden siluetten av ein rein. Eg går frå tue til tue, moltene lyser, eg plukkar dei, ei etter ei, plukkar tua rein for mogne bær, rettar ryggen, speidar etter neste tue. Tenker berre på bær, høyrer svuppa støvlane mine lagar når eg trekker dei opp frå myra, ein fugl stiller seg opp og syng, ein frosk kryp sakte opp frå vatnet.

Eg puttar ei bær i munnen, høyrer dei finske orda og setningane i hovudet, tenker på farmora mi, korleis ho gjekk her og plukka. Korleis ho knytte skautet, korleis stemma hennar høyrtest ut, kva ho sa, kva ho song.

Vi plukkar på Villapääjänkkä, Ullhovudmyra, der myrulla nikkar frå magre stilkar. Her brukte far min å plukke då han var liten. Her kjem vi attende, seksti år seinare, framleis er det bær på marka, sjeldan såg eg far min så glad som etter ein tur hit.

Posta første gong 26. september 2010. Foto: Privat. Skallelv august 2010.

5 kommentarer:

Anita F sa...

Så koseleg å lese om Skallelv. Morfaren min er herfrå og eg var der sjølv sommaren før eg fylte 18. Det var som om å kome heim sjølv om eg aldri hadde vore der før. Eg lengtar etter roa Skallelv har og har veldig lyst dit igjen. morfaren min vaks opp i det ytterste huset på neset, no bur meir eller mindre tanta til mor mi der med mannen sin.

Aina Basso sa...

Det må vere det raude Huru-huset då, det? Heiter morfaren din Ragnar? I så fall kjenner far han.

Det er ei veldig fin ro i Skallelv. Du bør ta deg ein tur dit, gjerne med eldre slektningar som kan fortelje om det samfunnet som var der før i tida. Det har eg hatt mykje utbytte av sjølv. Håper du får tatt deg ein tur snart, du òg.

Anita F sa...

ja riktig. Ragnar Huru var morfaren min :) eg er glad for at eg fekk dra dit sammen med han før han døde, da var vi også på Skallelvtreff forresten.

Aina Basso sa...

Morosamt!

amo sin blogg sa...

Det er så nydeleg skreve Aina. Eg forstår godt at tilhøyrarane sat med tårer i augene under opplesinga di. Dei er nok stolte av forfattaren med røter derifrå. Ikkje rart dei ville verte avbilda ilag med deg ;-)
God klem frå Anne-Mari