21. august 2011

Sjølvomsorg

Eg kan byrje denne bokomtalen på same måte som eg byrja teksten om Trude Marsteins Plutselig høre noen åpne en dør:

Ikkje alle menneske burde få barn. Nokre klarer ikkje å gi barnet den oppveksten og tryggleiken det fortener, særleg ikkje som åleineforsørgarar. Nokre menneske er for egoistiske til å kunne vere gode foreldre. Dessverre finst det ingen personlegdomstestar ein må avlegge før ein får lov til å bli gravide.

Eg har lese romanen Kjærlighet av Hanne Ørstavik, som blei utgitt første gong i 1997. Det er ein tynn, liten roman, med eit hjarteskjerande innhald som heng att i lesaren lenge etter at boka er sett tilbake i hylla. Som romanen av Trude Marstein som kom tre år seinare, handlar også denne boka om ei ueigna mor og eit barn som er fullstendig lovprisa moras nykker og behov. Men i motsetnad til Marsteins bok er det ikkje brå og uventa aggresjon og psykisk terror som skaper eit utrygt forhold mellom mor og barn, men den distansen som ligg mellom dei, som mor har sørgja for ved sin ekstreme sjølvomsorg. Mor har omsut for sine behov, for sine lyster og kjensler, for sin vakre utsjånad, men mor hugsar ikkje like lett på barnet, på når barnet har bursdag, om barnet har det godt. Mor tek det for gitt at barnet er på rommet sitt og søv og går sjølv og legg seg utan å sjekke, medan vi veit at barnet står utanfor ei låst dør ei bitande kald vinternatt, utan å klare å kome seg inn.

Ein kan seie: det er heldigvis berre ein roman. Og sjølvsagt håper eg det ikkje finst slike foreldre som Vibeke i Kjærlighet. Men eg er redd det gjer det, fleire enn vi trur. Dei finst overalt.

Ingen kommentarer: