9. august 2011

Let Love Rule

I timane, dagane og vekene etter dei forferdelege, uforståelege og meiningslause terroranslaga i Oslo og på Utøya har vi fått oppleve noko godt i landet vårt, noko eg aldri hadde våga å forvente. Vi har sett folk samlast i kjærleik og ikkje i hat. Ein sterk kjærleik, eg kjenner han i bringa, kjenner han breie seg utover i ringar, frå alle menneska eg kjenner og frå alle eg ikkje kjenner. Omsorga, omtanken og kjærleiken er enorm, ei ugjennomtrengeleg kraft. Eg sørgjer og kjenner kjærleiken treffe meg midt i hjartet, ei stor bølgje av kjærleik rett inn i den kvalmande sorga.

Mange av oss har mista nære og kjære; familie, venner, skulekameratar, kollegaer og naboar. Vi kjenner alle nokon som sørgjer over sine høgt elska, mange av oss har lidd personlege tap. Vi har alle mista altfor mange av våre medmenneske.

Eg sat fleire kilometer unna Oslo sentrum då bomba small, likevel høyrte eg henne. Først trudde eg det var eit kraftig toreskrall og drog ut kontakta til datamaskina. Nokre minutt seinare skjønte eg at det var noko heilt anna som skaka byen.

Eg følgde nyhendesendingane frå dei første minutta. Sjokket var enormt, eg trur vi alle sit att med den same kjensla: at dette var ufatteleg. Bombeattentatet på regjeringskvartalet var noko vi kanskje kunne venta oss, men likevel ikkje var førebudde på. Eg byrja sende tekstmeldingar til venner i Oslo, venner som kunne tenkast å vere i området det skjedde. Dei fleste svarte at dei var i god behald. Ein svarte ikkje.

Eg skulle reise heim med fly den kvelden. I byrjinga slo det meg ikkje at det kanskje ikkje var trygt å reise, alt var så uverkeleg desse første timane. Så kom meldingane om at Oslo S var stengt, folk blei råda til å halde seg heime. Eg vog for og imot, til slutt tok eg sjansen og reiste. Eg ville til familien min.
På bussen og flyet sat eg i djupe tankar. Dei kjentest større enn kroppen, som hadde dei ikkje nok plass innanfor huda. Eg tenkte på min venn som ikkje gav lyd frå seg. Eg tenkte på dei som står han nærast. Eg håpa så inderleg at det skulle gå bra med han, at han var trygg. Det tok lang tid før eg skjønte kva som føregjekk på Utøya. Først då eg kom heim den kvelden byrja eg forstå omfanget av tragedien.

Eg er så glad for alle eg bryr meg om som ikkje fall for hatet og vondskapen denne fredagen. Eg er så takksam for at eg ikkje var i skotlinja. Eg er så uendeleg lei meg for dei som ikkje var like heldige. Min venn var ein av dei.

Nettene har vore verst. Å klare å sovne frå alle bileta, orda, tankane og kjenslene ein tek med seg inn i mørkret. Eg måtte skrive om det. Om kjærleiken og hatet. For vi har skjønt noko dei siste vekene. Vi har skjønt til fulle at vi ikkje kan eller vil nedkjempe hat med hat. Vi vil ikkje svare hat med hat. Vi kan ikkje få våre døde og elska tilbake gjennom hat.

Lenny Kravitz har ein låt eg høyrte mykje på som ung, og denne låten kom til meg ei av dei første nettene etter terroråtaka. Teksten passar underleg godt for den siste tida:

Love is gentle as a rose
And love can conquer any war
It's time to take a stand
Brothers and sisters join hands
We got to let love rule
Let love rule

Akkurat det gjer vi. Vi lèt kjærleiken sigre.

Spalte i Nationen laurdag 6. august 2011

3 kommentarer:

Anonym sa...

Klokt og fint skrevet.

Aina Basso sa...

Takk for det. Det kom frå hjartet.

amo sin blogg sa...

Du er så flink til å sette ord på kjenslene dine. Ord som me alle kan stille oss bak. Klem frå Anne-Mari