30. juni 2011

Skrivejuli

Det blir ikkje ein strandsommar, ein brun bikinisommar. Dette blir ein bleik skrivesommar, innpakka i grøn netting.

Mellom dei to feriane mine har eg tre juliveker i Oslo eg har planlagt å nytte til intens skriving. Eg vil ha ferdig eit manusutkast til 1. september, det kan gå om eg får arbeidsro. Men kor skal eg arbeide?

Då eg kom heim i går kveld etter mine to første ferieveker, var huset eg bur i dekt av stillas og innpakka i grøn netting. Balkongen min og alle møblane var dekte av murpuss. Eg var ikkje heilt uvitande om at dette skulle skje. Sameiget eg bur i hadde gitt beskjed om at det ville bli oppussing av fasaden "ein gong mellom mai og september", men då eg reiste 15. juni var det enno ikkje sett opp beskjed om å rydde balkongar. Fem dagar seinare var arbeidet like fullt i gong.

I dag vakna eg til ei innestengt og grøndunkel leilegheit. Utanfor drattar murklumpar nedetter det høge stillaset og nokre etasjar lenger oppe høyrest stemmer, steg og skraping. Nokre gonger rører stillaset på seg og eg skjøner at folk beveger seg der oppe. Elles er det nokså stilt, til så lenge. Men lyset er borte. Kor skal eg skrive no?

Det spøker for arbeidsroa om eg ikkje finn ei anna løysing. Kanskje er dette sommaren der eg endeleg får iverksett tanken eg hadde då eg gjekk inn i heiltidsskrivinga for snart to år sidan: å skrive andre stader enn heime. I første omgang skal eg prøve mitt lokale bibliotek. Går ikkje det, finst der kafear og andre bibliotek. Eller kanskje eg skal ta kontakt med skriveloftet på Litteraturhuset?
Uansett kva: du møter meg ikkje på stranda i sommar.

2 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

Håper du har funnet en god skriveplass -

Kjøpte boka di i dag, om taterjenta. Hadde vært innom to bokhandler før jeg fant den i den tredje. Er Samlaget dårlige til å selge den inn?

Aina Basso sa...

Takk for det!
Eg skal høyre med Samlaget, eg. Er jo dumt om ho ikkje er å få tak i no som ho er komen i pocket og alt!