8. juni 2011

Innsirkling på scena

Eg har endeleg fått med meg oppsetjinga av ei av dei bøkene som har gjort sterkast inntrykk på meg dei siste åra, nemleg Innsirkling av Carl Frode Tiller, på Det Norske Teatret.

Eg var spent på korleis adaptasjonen til scene ville fungere. Kunne det bli like bra som boka? Korleis kunne det bli løyst på ein god måte? Og ville vennene mine som ikkje har lese boka forstå kva som føregjekk?

Det var ingen grunn til bekymring. Lasse Kolsrud har dramatisert teksten på ein framifrå måte, han har i staden for å dele historia opp etter den bolkstrukturen som finst i boka, fletta forteljingane inn i kvarandre. Eg veit ikkje korleis dette ville fungert i bokform. Truleg hadde det blitt rotete, men på scena fungerte det svært godt. Alle dei tre hovudkarakterane og nokre av bikarakterane var på scena samtidig, men det var lyssettinga som fortalte publikum kven vi skulle følgje med på til kva tid og på kva slags handlingsplan vi var på: om dei snakka (skreiv brev) direkte til den mystiske David som har mista hukommelsen eller om vi fekk eit innsyn i det livet dei ulike personane lever no.

Alle hovudrolleinnehavarane gjorde svært gode rolletolkingar, men Tobias Santelmann, i rolla som den komplekse fyren Jon, merka seg særleg ut. Mathias Eick har laga musikken til stykket, som er svært vakker. Eg hadde gledd meg til å sjå han sjølv på scena, men han hadde i staden ein vikar vi aldri fekk vite namnet på, som òg gjorde ein veldig god jobb.

Eg tilrår alle å sjå dette stykket, same om du har lese Innsirkling eller ikkje. Ei god oppsetjing med mange sterke historier som ikkje forlèt deg så lett.

Ingen kommentarer: