24. mai 2011

Dogmar

Den fantastiske første dogmefilmen.
Det kan stundom vere nyttig å ha strenge rammer å forhalde seg til når ein skal skape noko. Eg kan framleis sakne dei gamle stiloppgåvene frå skuletida, som mange elevar gjennom tidene har klaga over at har verka så begrensande på dei, men som på meg snarare sette igang noko. Å gjere noko innanfor strenge rammer har alltid fungert bra for kreativiteten min. Eg har alltid teke utfordringa i å gjere noko mest muleg spennande innanfor noko som lett kunne blitt forferdeleg kjedeleg og straumlinjeforma.

Det var difor eg syntest ideen om dogmebok verka så forlokkande, då ein kamerat nemnde det i går. Dei fleste av oss kjenner vel til det danske filmkollektivet Dogme 95, med kjende regissørar som Lars von Trier og Thomas Vinterberg i spissen, og kva dei har fått til, innanfor særs strenge rammer: Ikkje lov til å filme i studio, kameraet må vere handhalde, aldri produsere lyd separat, kunstig lys er ikkje tillate, sjangerfilm er ikkje akseptert, osb.

Eg fekk lyst til å ha nokre strenge reglar for skrivinga, for å sjå kva dei ville gjere med teksten. Ei stiloppgåve frå gamle dagar, eller eit sett med reglar. Men kanskje ikkje like strengt som forfattaren Georges Perec som skreiv ein heil roman, La disparition, på 300 sider utan å bruke bokstaven E. 

Så slo det meg at det kanskje er nettopp dette som driv meg. Å skrive noko frå ei anna tid er jo å skrive innanfor strenge rammer, iallfall viss ein vil vere historisk korrekt. Som eg tidlegare har skrive ønskjer eg å halde meg innanfor rammene til den historiske røynda og sjå kva eg får til innanfor dei gjerda som der er sett opp. Ein må gjerne bryte reglar og overskride, men for meg er det meir spennande å sjå kva som går an om ein ikkje gjer det. Nesten som dogmar.

Ingen kommentarer: