16. april 2011

Menn i skog, menn ved vatn

Nokre gonger kan ei bok bli så kjent og rost at eg ikkje kjem meg til å lese henne. Alle seier boka er så bra, dei er sikre på at eg òg vil like henne, men eg lèt det vere. Eg les andre bøker i staden, åra går, etter kvart kjennest det nesten som eg har lese boka, eg har høyrt så mykje om henne.

Ut og stjæle hester var ei slik bok for meg. Tittelen er velkjent, men eg har aldri visst kva boka handla om. Noko om menn. Om relasjonar mellom menn, på ein ikkje-homoerotisk måte. Eg hadde fått med meg at ho hadde fått prisar i fleng, eg hadde fått med meg at ho var blitt svært populær i Amerika, men eg hadde ikkje lese henne.

Men så las eg henne.
Og det var godt.

Forteljinga i Ut og stjæle hester er god, men det er måten ho er fortalt på som skaper kvaliteten i boka. For det at forteljinga er god opplevast ikkje som påtrengande. Det at forteljinga har dramatiske element blir ikkje dramatisert i utrengsmål. Måten forteljinga blir fortalt på står i stil til personane i boka, lynnet deira: fåmælte menn av gamlesorten, slike som tilhøyrer fedre- eller bestefedregenerasjonen. Dramatikken blir ikkje spelt ut, men er der likevel, ligg under alt, dreg meg vidare i lesinga.

Ein kamerat spurte om ikkje boka var kjedeleg. Eg svarte nei, ikkje for meg. Lågmælt, roleg, udramatisk, ja visst, men ikkje kjedeleg. Fine, lyriske parti og ein slutt som ikkje fiksar noko, som ikkje løyser nokon floke.

Eg tenker framleis på denne boka, snart eit døger etter at eg las henne ut. Både personar og forteljingar sit fast i meg, er ikkje oppklart, men lever liksom vidare. Og eg tenker på korleis amerikanarane opplever denne forteljinga om ein eldre mann som slår seg ned i ei hytte i skogen utan å seie ifrå til nokon, ikkje eingong sine eigne døtrer. Det enkle livet, hunden, fyre i omnen, hogge ved, og så hendingane som kjem tilbake, som har lege så lenge. Eg trur amerikanarane ser romantikken. Eg ser òg romantikken, det er noko skjønt i det enkle, det er noko vondt i det, òg, i å velje det.

3 kommentarer:

torbjørn hauken sa...

Flott omtale av en god bok! Har selv fått spørsmålet om ikke boken egentlig er kjedelig, men det er jo nettopp det den egentlig ikke er.

Aina Basso sa...

Nei, eg syntest ikkje ho var kjedeleg, snarare god å lese. Og kva no? Kvar gong eg er ferdig med ei bok som treffer står eg atter i villreie og famlar.

heklehatt leser sa...

Åh, JAAAAAAA!