9. april 2011

Det svarte nord

SAKPROSA
Chloe Hooper
Høye mann. Død og liv på Palm Island
Omsett av Inger Gjelsvik
Forlaget Oktober 2011, 294 sider

Ifølgje Manburra-folket blei Palm Island på Great Barrier Reef i Queensland danna i drøymetida då Regnbogeslangen delte seg og etterlét bitar av kroppen sin i havet. I dag er øya eitt av dei største aboriginreservata i Australia. Eit hardt og brutalt samfunn, prega av arbeidsløyse, alkoholisme og vald. Øya blei i perioden 1920 til slutten av 1960-talet brukt til internering av «stolne generasjonar» av barn som var halvt aboriginar og halvt kvite, dei blei tekne frå foreldra sine, segregert etter kjønn, kristna og nekta å snakke sitt eige språk.

Det er i dette samfunnet aboriginen Cameron Doomadgee ein morgon i 2004 blir arrestert av førstebetjent Chris Hurley for ordensforstyrring. Ikkje så uvanleg i seg sjølv, var det ikkje for at Doomadgee seinare på dag blir funnen død i cella med massive indre skadar, som mellom anna omfattar kløyvd lever. Hurley blir klaga for drap, men nektar straffeskuld: Doomadgees skadar må ha kome av eit fall.

Høye mann er ei medrivande og opprørande kriminalforteljing frå verkelegheita. Straffesaka mot Chris Hurley blir eit nav i ei langt større historie. Historia om motsetnadane som framleis finst mellom ei svart underklasse og ei kvit overklasse i dagens australske samfunn, historia om koloniseringa av Australia og kva denne har påført det aboriginske folket. Ei historie om utbreidd rasisme og korrupsjon.

Før koloniseringa av det «svarte nord» på slutten av attenhundretalet var delstaten Queensland, nordvest i Australia, eit samfunn beståande av fleire rasar, av kinesarar, japanarar, filippinarar og folk frå Stillehavsøyene, i tillegg til aboriginar og europearar. Dei sørlege delstatane ville underlegge seg området med ein visjon om eit kvitt Australia og den kvite mann blei oppfordra til å skyte svarte og henge dei i næraste tre, til skrekk og åtvaring for dei som våga yte motstand. «Rasemessig enhet er en absolutt forutsetning for et enhetlig Australia,» sa grunnlovsfaderen Alfred Deakin. Kolonistane lét seg ikkje affisere av at over 350 aboriginstammar allereie hadde halde til på kontinentet i minst femti tusen år.

Hooper tek oss med djupt inn i den aboriginske kulturen med ein urreligion som dreier seg om Drøyming og Songlinjer, om regnbogeslangar og høge fjellånder i stand til å øve ufatteleg vondskap. Hooper har nytta eit stort kjeldegrunnlag, som både omfattar intervju med menneske på begge sider av saka, referat frå rettsprosessen og faglitteratur om det samfunnet ho skildrar. Tittelen er fleirtydig og viser både til politimannen Chris Hurley, ein to meter høg, røsleg kar, stundom omtala av vitne som «høye mann», og den aboriginske myten om den høge mannen som kjem flygande gjennom natta, riv opp bringa til døyande og røvar hjarta deira.

Viss eg skal ha noko å innvende, må det vere at framstillinga kan bli ein tanke for detaljert og dermed stundom noko langdryg, men alt i alt er Høye mann eit sterkt og viktig dokument over eit samfunn vi openbert veit altfor lite om.

Noko som slår meg under lesinga, er likskapane mellom den aboriginske historia og alle andre historier om verdas urfolk. Kvite kolonistar med pengar og våpen gjer det dei kan for å røve eit land frå eit folk, utan omsyn, gjer det med makt, tek frå dei ungane, tek frå dei språket, tvingar sin eigen religion på dei, tvingar dei til å underkaste seg, skapar ei underklasse. Mange av desse urfolka blir fangar av alkoholisme og arbeidsløyse, og generasjon etter generasjon søkk stadig lenger ned i hengemyra, det er ingen veg ut, det finst ikkje håp, finst ingen reelle høve til endring. Det opprørte spørsmålet eg stiller meg medan eg les, er dette: Finst det eit urfolk vestlege kolonistar ikkje har undertrykt og mishandla?

Bokmelding i Klassekampen Bokmagasinet 26. mars 2011

Ingen kommentarer: