6. februar 2011

Eg skriv for hand

Litt skeivt på papir utan linjer.

7 kommentarer:

Kjerstin sa...

Då eg var yngre og frustrert over at det aldri hendte noko, tok eg ut frustrasjonen i handskrifta mi. Eg plukka ut ein ting eg ville forandre, t.d. måten eg skrev g-ane på, og så konsentrerte eg meg om å få den nye skrivemåten på plass. Det vog ikkje heilt opp for mangelen på dramatiske, verdomveltande eventyr, men det var iallefall ei forandring, som tok mykje energi sidan alt skulearbeidet gjorde at eg skreiv heile tida.

Dei siste åra har eg ikkje halde handskrifta ved like på same måten, men framleis tenker eg på ein annan måte når eg skriv for hand.

Eg trur ikkje handskrifta forsvinn, men det som kan forsvinne, er evna til å lese andre si handskrift. Det gjer eg nesten aldri no for tida, og når eg gjer det, merkar eg kor vanskeleg det er. Det er litt trist om alle endar med å berre kunne lese si eiga skrift.

Aina Basso sa...

Eg skreiv òg mykje som barn - skreiv stilisert, til dømes, blei veldig god til å skrive 'plakatskrift' med doble, store bokstavar i stilige fasongar. Det blei mykje sitje på rommet og pusle og ute regna det og inne var det varme og papir og tusjar og bøker.

Var det vanskeleg å lese mi handskrift?

Kjerstin sa...

Nei, dette var ei veldig lettlesen handskrift. Men eg merker at det krev mykje meir konsentrasjon å lese handskrift, anten ho er tydeleg eller utydeleg. Ein kan ikkje berre la blikket flyte, ein må leggje meir vekt på samanhengen for å greie å tyde alle orda.

Aina Basso sa...

Ja, det krev konsentrasjon, men ein kjem fort inn i det igjen, om ein held på ein del med det. Eg gjer det jo i periodar, når eg held på med eldre kjelder. Men det er heilt klart lettare å lese trykt skrift.

Lille søster sa...

Det er ikke så ofte en leser håndskrift lenger. Merker at jeg leser litt på en annen måte, langsommere kanskje.
Skriver du bøkene dine for hånd eller på pc? Dette har du sikkert sagt noe om før, men jeg husker ikke.

Aina Basso sa...

Ja, eg les også saktare. Eg skriv på datamaskin, men tek jo ein del notatar for hand. Kva med deg?

mikaoJ sa...

Det er flautt for meg å måtte syna fram handskrifta mi. Eg har nemleg svært veikt syn på det venstre auga mitt, medan det høgre fungerer utmerkt. Det tok meg om lag 17 år før eg skjønte at det kanskje ikkje er slik det skal vera, og innan då var det for seint å berga venstreauga mitt. Dette gjer all skrifta mi er veldig, veldig skeiv. Mest flautt er det med signaturen min.

Kjipt, altså.