3. februar 2011

Bokmonopolet

Sett slike stablar før?
Det er grunn til bekymring i bokverda. I dag skriv Klassekampen om dei tre store bokhandelkjedene som er eigde av dei tre store forlaga og som i hovudsak frontar eigarforlaga sine bøker og pressar ut utgivingar frå mindre forlag. Er dette noko den vanlege bokkjøparen er klar over?

Korfor blir ein bestseljar ein bestseljar? Kor mykje betyr reklame? Kor mykje betyr publisitet for kva bøker ein vel å lese, får lyst til å lese, føler ein må lese, berre må kjøpe? Kor mykje betyr det for salet at nokre boktitlar ligg i stablar på borda i bokhandlane, medan andre står med ein tynn og anonym rygg i hylla - eller berre er tilgjengelege som bestillingsvarer?

Her er nokre harde fakta.

Aschehoug er landets største forlag og eig saman med Gyldendal De Norske Bokklubbene AS. Desse to forlaga oppretta distribusjonssentralen Forlagssentralen saman, i tillegg eig dei Kunnskapsforlaget. Aschehoug eig altså Bokklubbene, Forlagsentralen, Kunnskapsforlaget og Spektrum forlag, i tillegg til å ha store eigarinteresser i Lydbokforlaget. Aschehoug eig også Universitetsforlaget, Forlaget Oktober, Kaleidoskopet og Kirkelig Kulturverksted.
Og dei eig bokhandelkjeden Norli.

Kva så med Gyldendal?
Gyldendal eig Tiden Norsk Forlag, Kolon Forlag og Versal Forlag. Gyldendal eig sammen med Aschehoug heile eller dominerande delar av De Norske Bokklubbene, Forlagssentralen, Lydbokforlaget og Kunnskapsforlaget.
Gyldendal eig bokhandelkjeden Ark.

Og så kjem vi til Cappelen Damm, som er to forlag i eitt - det som før var Cappelen og det som før var Damm.
Cappelen Damm er eigd av Bonnier og Egmont. Sentraldistribusjon AS er eit heleigd dotterselskap i Cappelen Damm-gruppa. Cappelen Damm eig Flamme Forlag, i tillegg til 66 % av Lars Monsens forlag, Larsforlaget.
Cappelen Damm eig bokhandelkjeden Tanum.

Noko som skurrar i norsk litteratur? Kva skjedde med den frie marknaden?

3 kommentarer:

Janicke sa...

Det er merkelig at de får lov til å operere på denne måten. Det virker som om landbruket og bokbransjen får lov til å gjøre som de vil.
Jeg lurer på hvordan dette rammer oss som lesere og dere forfattere - hvordan det vill ha vært hvis de ikke fikk lov til å drive "kartell-virksomhet".

torbjørn hauken sa...

Det nærmer seg vel amerikanske tilstander;en priser mrakedet, men i realiteten skjer det en monopolisering. Jeg er redd for at bokmarkedet i norge er så 'oppblåst' at det ender med knall og fall, og enda sterkere satsing på bestselgere. Det er også bekymringsfullt å lese at 'ditt' forlag, Samlaget,, som er et alternativ til de store på flere vis, ikke synes å drive godt nok til å holde posisjonen sin (Grytten har nettopp meldt at han forlater forlaget).

Aina Basso sa...

Janke:
Eg trur det er viktig med meir fokus på dette, for dette er ikkje slikt folk utan vidare er klar over. Det er ikkje alle forlag som har råd til å kjøpe seg ein stor bokhandelkjede for å selje bøkene sine - og det bør ikkje vere naudsynt, heller.

Torbjørn:
Anten det, eller så må det gå andre vegen og vi får ein sterkare alternativ bransje. Heldigvis har vi innkjøpsordning og andre kulturstøtteordningar. Iallfall enn så lenge. Kven veit kva som vil skje med eit maktskifte i norsk politikk.

Når det gjeld Samlaget er det sjølvsagt synd at Grytten går, men forfattarar har bytt forlag fram og tilbake til alle tider, vanlegvis blir det berre ikkje så store oppslag om det. Det er greitt å vite at sjølv om nokre er misnøgde er vi veldig mange nøgde forfattarar der, òg. Biletet er ikkje eintydig. Det er veldig mange gode og dyktige folk som jobbar i Samlaget, eg trur dei kjem til å sørgje for at det går veldig bra framover.