10. januar 2011

tidi skal opna seg

Så kom det nye året.
Som alltid får eg ei kjensle av lette når året bikkar. Eit heilt år vekke frå skuldrene mine. Alt er nytt og lett og reint. Som om eg får starte på nytt, igjen. Endå ein gong, kvart år, starte på nytt, kvar januar.

Eg ser etter teikn, eg veit ikkje kva dei betyr. Elleve knoppar på orkideen i januar.
Ei eg kjenner sa til meg at når du ser etter teikn ser du innover i deg sjølv.

Og no eit nytt år. Eg ventar på at tidi skal opna seg, at kjeldor skal springa.
Kva ventar du på?

Ingen kommentarer: