15. desember 2010

Å, søte førjulstid

Som det nye innlegget mitt på Samlagsbloggen utdjupar, liker eg jula best før ho kjem. Eg er litt for flink til å førestelle meg kor fint alt skal bli og har med åra innsett at fantasien min overgår røynda i dei fleste tilfelle, både dei positive og dei negative.

Men førjulstida er her og har mykje fint med seg. Om eg var uheldig og måtte avlyse det einaste julebordet eg skulle på, har eg iallfall fått med den årlege julefesten på Samlaget, den såkalla gangfesten, der vi mellom mangt anna allsong julesongar, slik Brit Bildøen skriv om i sin forfattarblogg. Eg har vore på nissefest med lånt strikkehue og fått med meg den årvisse lussekattbakinga hos mi gode venninne på Kampen, der vi oppdaga at gleda ved varme lussekattar aukar om ein dyppar dei i like varm kakao.

Og akkurat når ein trur det ikkje kan bli betre kjem det ut av det blå ein kveld eg truleg aldri vil gløyme: i ein krok på Lorry sit vi fem menneske og syng julesongar. Så finn to av oss, som tilfeldigvis er jazzmusikarar, fram instrumenta sine og byrjar spele. Deilig er jorden, femstemt, akkompagnert av eit Casio keyboard og ein skinande kontrabass.

Og i vindauget lyser ei stjerne og enno gjenstår Jens Pikenes og Penthouse Playboys vrikker julen inn. Og snart er det jul. Det er endåtil meldt snø.

Ingen kommentarer: