25. desember 2010

Jens Pikenes, Oskepott og den sorte

Eg elskar jul. Som barn skreiv eg endelause ønskelister med dei mest usannsynlege ønska på punkt ein og to, berre for å forsikre foreldra mine om at eg verkeleg meinte det. Eg gjekk gjennom katalogen til leikebutikken med djupt alvor og sette tydelege kryss ved kvar einaste ting eg ønskte meg. I etterpåklokskapens lys ser eg at det nok ville vore enklare om eg kryssa over det eg ikkje ville ha.

Noko av det kjekkaste med barndommens jul var den årvisse juleverkstaden på skulen, der vi baka peparkaker, støypte våre eigne, skeive lys og brått hadde kvalitetsjulegåver til heile familien klare på nokre få timar. Og så var det juletrefest på bedehuset, der gutungane tromma julestjerna fram med skumle masker på (særleg spennande var «den sorte»), før vi gjekk rundt juletreet og fekk posar med mandarinar og julemannar i, og diplom om vi hadde vore trottige nok på søndagsskulen.

Tjue år seinare er mykje endra, men julestemninga sit i som før. I adventstida speler eg julesongar med liv og lyst, bakar safrangule lussekattar og får med meg eitt av årets nye høgdepunkt, «Penthouse Playboys vrikker julen inn», der ein paljettglitrande Jens Pikenes, sølvreven Johnny Lotion og resten av gjengen får det til å koke i salen med sine legendariske, hoftevrikkande sambaversjonar av kjende hits som «Forelska i lærer’n» og «Last Christmas».

Då eg var lita var eitt av mine største ønske at det skulle snø på julaftan. Eg hadde sett julefilmar med snømenn som blei levande og flaug gjennom lufta, og julenissesledar som glei inn for landing på tjukke, snødekte tak. Men på Giske snødde det aldri. Veslejulaftan var håpet framleis levande, men utover dagen 24. desember byrja det sige inn: det blir ikkje snø i år, heller. Framleis berre vått og vissent der ute. Så var det å fokusere på noko anna. Krype bort til juletreet og knipe litt på pakkane som låg der, og nyte den tradisjonsrike juleunderhaldninga på tv.

I år er jula akkurat som ho plar. Treet står på same plassen som alltid og som alltid er det eg som har pynta, med glitter og stas og nokre skøyre, vakre kuler vi har hatt sidan mor var lita. Det vesle julehuset finn plassen sin på bordet under vindauget, eg legg bomulla på taket og set i støpselet. På tv er det framleis Donald Duck og vennene hans som kvekkar jula inn og ein tsjekkisk versjon av Oskepott som rir rundt med sot på kinnet, før ho til slutt får på seg fin kjole, hukar prinsen og heile kongeriket. I huset luktar det som det skal og det er varmt og trygt og vanleg, akkurat slik jula skal vere.

Det med snøen har eg slutta tenke på for lengst. Tretti år inn i livet har eg skjønt at kvit jul er ei urealistisk forventning. Etter eit tiår i nord og aust er eg i tillegg blitt snøblasert og ser utan særleg kjensle på kvite filler som dalar, veke etter veke om vinteren. Det einaste eg tenker på er kor sterkt eg saknar havet.

Men kva skjer når eg kjem heim til jul? Mildt sagt sjokkert ser eg ut på Vigra flyplass gjennom flyvindauget, der snøen lavar ned som om vi var på Nordpolen. På vegen heim ser vi ikkje landskapet, berre snøen som driv mot frontlyktene, og på vêrmeldinga seier dei at det skal halde seg slik jula gjennom. Det byrjar krible i magen: kan det verkeleg vere sant? Kan det bli kvit jul, likevel?

Når du opnar avisa denne morgonen veit vi. God jul!

«I'm dreaming of a white Christmas/ With every Christmas card I write/ May your days be merry and bright/ And may all your Christmases be white»

Julespalte i Sunnmørsposten 24.12.2010

Ingen kommentarer: