2. november 2010

Haust i byen

Ein kan seie mykje om å bu i byen. Ein kan seie at vi ikkje bryr oss om kvarandre, ikkje kjenner kvarandre, ikkje veit namna på naboane våre, dei vi deler vegger, golv og tak med, vi helser ikkje på kvarandre på gata, slår ikkje av ein prat med ho som sit i kassa på matbutikken. Ein kan seie alt dette om å bu i byen og det vil ofte vere sant.

Ein kan seie at det er mykje forureining her, kan seie at ungar lettare utviklar allergi og astma om dei veks opp midt i gryta, i Oslo sentrum, kan seie at vi svir og blir svarte i nasen av å gå langs motorvegen om vinteren, at vi ser det svarte svevestøvet som ei stripe over ventilen i vindauget, at vindauga blir skitne når det regnar på dei, at balkongmøblane etter få dagar blir dekte av eit tynt lag svart støv du aldri får vaska av klutane.

Ein kan seie at det er så mykje bråk her, alltid nokon som skramlar med eitkvart, som pussar opp leilegheita, som rusar motoren rett utanfor vindauget, speler høg musikk frå bilstereoen, ut gjennom glaset, alltid nokon som kjem full og høglydt heim frå byen klokka tre om natta. Og trafikken. All trafikken. Alltid dette suset i bakgrunnen, suset frå bilane, frå vegane. Alle desse folka som skal frakte seg sjølve og andre att og fram, att og fram, ein uendeleg straum av folk. Slik at den einaste tida på døgeret byen er still er etter at dei fulle har lagt seg og før dei første morgonfuglane byrjar køyre til jobb. Ein still time mellom fire og fem, der byen er heilt annleis, sakral.

Ein kan seie at byen er betong og asfalt. Ein kan seie at byen er narkolangarar og kriminelle, prostituerte og tiggarar, narkomane og ustabile eksistensar. Ein kan seie at byen er utrygg, at det ikkje går an å bu i byen, at ein ikkje kan late ungar vekse opp i byen, at han er stor og farleg og upersonleg. At ein aldri veit kva som lurer bak neste hjørne. Ein kan seie at ein aldri veit kva som kjem rundt neste sving. Ein kan seie at byen pulserer i mørkret. At det skjuler seg liv og lagnadar bak kvart einaste lyspunkt. At dagane aldri er like, at det alltid kan skje noko uventa og spennande, heilt plutseleg. At det brått kan dukke opp eit nytt menneske, ein ny stad, eit nytt band, ny kunst, nye stemmer, nye opplevingar, nye gleder, nye eventyr.

Ein kan sitje i skybaren i det høgste hotellet i byen og sjå: alle lysa, alle dei ørsmå bilane der nede, trikken som svingar seg mellom husa, kuplar, tårn, parkar, åsar, fjord, øyer, skyer, stjerner. Også byen har stjerner, om ein går ein mørk stad og ser opp.

Ein kan seie så mykje om byen. Ein kan elske han, ein kan hate han. Ein kan gjere begge delar samtidig. Men ein ting skal byen ha, ein ting skal Oslo ha. Aldri har eg opplevd så fine haustdagar som her. Kalde, klare dagar med skarp luft, gneistrande fargar. Soloppgangane, solnedgangane. Og lyset mellom dei. Ettermiddagssola over stien, over parken, over dei små trehusa på Vålerenga, fjorden der framme. Den låge, mjuke sola som lagar silhuettar av menneska framom meg, som lyser opp det rolege fallet av lauv frå tre. Eit lauvteppe over graset. Ei rekkje slike dagar. Dagar utan vind, utan regn. Det skal byen ha. Haustane er fine.

Laurdagsspalte i Nationen, 30.oktober 2010

1 kommentar:

Anonym sa...

enig! jeg fikk oppleve mine første høstdager i Oslo i slutten av oktober, og de var kalde, klare og med innslag av sol.