6. oktober 2010

Samlagsbloggen

Samlaget har fått seg eit andletsløft, både logo og nettsider er fornya og det siste i rekkja av fornyingar er den nyoppstarta Samlagsbloggen. Eg har føreslått at bloggen får ei eiga adresse, men førebels ligg han fast plassert nedst i høgre hjørnet av hovudsida til Samlaget.

Her vil forfattarane Agnes Ravatn, Ingelin Røssland, Ragnar Hovland, Ragnhild Kolden, Guro Usterud, Brit Bildøen, Magnhild Bruheim, Arnfinn Kolerud og eg skrive på fast basis, i tillegg finst der ein eigen blogg der ein kan følgje den litterære redaksjonen i forlaget.

HER kan de lese mitt første innlegg i denne bloggen, med tittelen Alle dei nye byrjingane. Og i høgremargen kan de klikke dykk vidare inn i dei andre spennande innlegga som ligg der.

Ingen kommentarer: