31. oktober 2010

Humor: nynorsk versus bokmål

Finst det ein eigen nynorskhumor? Viss svaret er ja, betyr det at det òg finst ein humor på bokmål?

Eg har mange gonger høyrt at nynorskhumoren er noko heilt eige. Og etter å ha gjort litt feltarbeid byrjar eg skjøne kva som ligg i det. For det finst nokre fellestrekk ved dei morosame nynorskingane, mellom Ragnar Hovland, Agnes Ravatn, Olaug Nilssen, Are Kalvø og Gunnhild Øyehaug, for å nemne nokre. Enkelt samanfatta vil eg seie det slik: 1. dei er morosame på ein intelligent måte og 2. dei har ein humor som går ut på å seie noko sarkastisk, frekt, underdrive eller absurd med ei gravalvorleg mine, slik at du aldri kan vere heilt sikker på om dei tullar eller ikkje. Men tru meg: dei tullar.

Eg hadde ein kort periode då eg var litt lei av den nynorske vekeavisa for kultur og politikk, Dag og Tid, som eg har tinga i fleire år. Eg var lykkeleg kvar gong Ragnar Hovland skreiv den faste spalta på ’Innsida’, men det var berre ein gong i månaden og eg syntest noko mangla. Det hadde eg rett i. I 2008 suste den unge og ukjente forfattaren Agnes Ravatn inn i avisa og to år seinare er ho blitt så populær at ho ikkje berre er med på alle paneldebattar i det litterære miljøet i Noreg, men òg har rokke å trekke seg frå det nye tv-programmet til Harald Eia og Bård Tufte Johansen, som snart skal på lufta.

Det handlar om humor. Agnes Ravatn seier sjølv at humor går ut på å dele ein kunnskap med andre, for så å vri på det. Sjølv har ho hatt stor suksess med m.a. essayserien som gjekk i Dag og Tid og seinare er blitt utgitt i bokform med tittelen ’Stillstand. Sivilisasjonskritikk på lågt nivå’, forresten ei typisk Ravatnsk utsegn, som rett og slett handlar om stadar der ingenting skjer. Og gjett kor ho reiste? Til Ålesund. Der ho sette seg på ein kafé i gågata og observerte veldig lite. Frykteleg morosamt sjølvsagt, om ein har litt sjølvironi. Ho reiste òg til eit kloster, der ein av mine yndlingsreplikkar blei utveksla mellom henne og ei nonne. Nonna fortel at klosterkatten ikkje er heilt i humør om dagen, og Ravatn repliserer: ’Oh really! Is she expecting mittens?’ og legg i parentes til ’tusen takk, grunnfag i engelsk’.

Men handlar det eigentleg om språk? Ei av dei aller mest morosame bøkene eg har lese er skriven av Selma Lønning Aarø og heiter ’En rekke avbrutte forsøk’. Av boktittelen vil den observante lesaren kjapt fatte at ho ikkje er skriven på nynorsk. Men sjølv om ho ikkje alltid har skrive nynorsk er Selma Lønning Aarø vestlending. Er det eigentleg der det ligg? For er det noko anna desse folka har felles er det at dei er vestlendingar. Nokre er endåtil ’generelle vestlendingar’, som Ragnar Hovland, som har budd ei rekke ulike plassar med det einaste fellestrekket at dei alle var på Vestlandet. (Men no bur han i Oslo.)

Så handlar det heller om Vestland versus Austland og ikkje om språk? For om det handlar om språk, kva er så bokmålshumoren? Når eg tenker på klassisk bokmålshumor tenker eg med ein gong på Thomas Giertsen. Eit litt sånn kjekkasfrekt smil, utdritande kommentarar, overdriving, nedrakking av andre (gjerne kongen eller Mia Gundersen), ironi, eller snarare sarkasme, overtydelegheit. Det er bokmålshumor for meg. Typisk tv-humor som eg ikkje er så glad i. Medan den nynorske humoren er meir subtil, meir sjølvironisk, mindre brautande.

Men så kjem Knut Nærum og øydelegg heile teorien min. For han er jo ikkje vestlending. Han er jo ikkje nynorsking.

Vi kostar han under teppet og kallar han ein anomali.


Fredagsspalte i Sunnmørsposten, 29.10.2010

4 kommentarer:

Mette Moen Baatvik sa...

Interessant det du spekulerer på her, Aina. Eiga erfaring - eg er nordmøring - er at då eg budde i Oslo i mange år, forsto ikkje austlendingane humoren min. Tørre, ironiske kommentarar vart ofte møtt med vantru. Var eg frekk, liksom? Så flytta eg til Trondheim. Då kunne eg uten problem bruke ironi uten å vere redd for å bli misforstått. Trøndelag er jo ikkje Vestland, då, så kanskje humorgrensene ikkje går mellom Vestland og Austland? Eller at det er ein trøndersk humorkultur òg? (Som nordmøringane er ein del av.)

Aina Basso sa...

Ja, dette med ironi er vanskeleg. Eg har opplevd at både underdrivingane, ironien og overdrivingane mine ikkje er blitt forstått av folk austpå. Og det er klart at viss ein spøk blir teken som alvor blir det veldig lett misforståingar. Men eg trur nordlendingane og trøndarane er meir like oss, kanskje? Og det finst jo unnatak, så klart. Som Knut Nærum er eit godt døme på.

Kaja Marie sa...

De diskuterte dette i Bok i P2 nylig, og der kom de frem til at de ikke visste om en eneste bergenser som var morsom, men at bergenserne jo skrev på bokmål, så de var unntatt.

Æsj, sier jeg, flytter tilbake til Bergen og satser på at jeg kommer til å skrive mye morsommere så snart jeg setter fot i første sølepytt.

Aina Basso sa...

Greia med mange forfattarar, ikkje berre frå Bergen, men også derifrå, er at dei er frykteleg morosame privat, men veldig alvorlege i tekst.