13. september 2010

Svart ungdomsgrøss

Sidan eg skal skrive på den nye Samlagsbloggen, som eg trur er i kjømda nokså snart, får eg tilsendt haustens bøker frå Samlaget i posten. Ei bok eg har vore nyfiken på og no har lese, er grøssaren Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland.

I går hadde eg ein lat søndag og tok fatt på denne boka. Eg blei, trass i min langt framskridne alder, nokså skvetten av lesinga, sjølv om boka i første instans er berekna på ungdom. Dette viser at båsar berre er båsar og at det er lov til å bevege seg utom båsane, òg. Det viser truleg òg at eg er ein reddhare.

Historia byrjar med det mystiske mordet på ei ung jente og fortset mange år seinare, då Elisabeth og mor hennar flyttar til ein drabantby utanfor Bergen etter at huset deira har brunne ned og teke bror til Elisabeth med seg i flammehavet. Dei flyttar uvitande inn i den same leilegheita som den unge jenta blei drepen i, ei tilsynelatande hyggeleg leilegheit, nyoppussa og fin, men med ein underleg kulde i seg, som ikkje vil forsvinne. Elisabeth byrjar ganske snart å få syner, særleg inne på badet: blod som renn utover golvet, eit svart handavtrykk på dei kvite flisene, lyden av negler som klorar over golvet og deretter knekk. Kva har skjedd i denne leilegheita? Kven drap den unge jenta, kva er det med den gamle spegelen på badet og kven er Svarte-Mathilda?

Iiik, får eg lyst til å seie, som den reddharen eg er. Eg er veldig glad eg las denne boka på ein lys søndag og ikkje ein mørk kveld i november. Då ville eg aldri ha fått sove.

Ingen kommentarer: